Sjekkliste ved straumbrot
Her er ei enkel liste over kva du bør gjera dersom du opplever straumbrot.
Ingen straum i bustaden
Sjekk først om det berre gjeld deg, eller om også naboane er utan straum. Du kan òg sjå i straumstanskartet om det er kjende straumbrot i området.
Gå gjennom følgjande:
Kontroller hovudsikring, jordfeilbrytar og eventuelt inntakssikring
Inntakssikringa kan ofte vera plassert på loft, i bod eller nær der straumen kjem inn i bustaden
Dersom jordfeilbrytaren har slått ut, tyder det som regel på feil i eige anlegg. Då bør du kontakta elektrikar for å få retta feilen.
Sjekk òg:
Kan det vera ein planlagd straumstans? Då skal du ha fått SMS frå oss på førehand
Har du nyleg flytta inn? Då kan det vera at du manglar straumavtale
Dersom du ikkje har straumavtale, må du ta kontakt for å få oppretta nettleigeavtale.
Har du utelukka at feilen ligg hos deg, er det truleg feil i straumnettet. Ta kontakt med feilmeldinga, så sender me ut montør.
Merk at dersom feilen viser seg å vera i eige anlegg, kan du bli fakturert for utrykkinga. Det er difor viktig at du sjekkar dette først.
Straumen har gått i delar av bustaden
Blinkar lysa?
Sjekk hovudsikringar og inntakssikringar
Har du trefaseanlegg (tre hovudsikringar), kan feilen liggja i éin av fasane.
Har du eit standard anlegg (to hovudsikringar), er det ofte feil i nettet.
Sjekk straumkartet for eventuell informasjon og ta kontakt med oss ved behov.
Ansvar for eige anlegg
Som kunde har du ansvar for eige elektrisk anlegg og at det er i forskriftsmessig stand. Ein elektrikar kan hjelpa deg med å finna ut om feilen ligg hos deg. Ver merksam på at dersom feilen ligg i eige anlegg, så vil kunden bli fakturert for uttrykkinga.