Alt om nettleige

Kva er nettleige?

Nettleiga du betalar dekkar drift, vedlikehald og utvikling av straumnettet. I tillegg dekkar nettleiga avgifter til myndigheitene. Nettleiga er sett saman av energiledd og kapasitetsledd.

  • Energiledd: kor mykje straum du brukar

  • Kapasitetsledd: snitt av dei tre timane i månaden med høgste straumforbruk

Dersom du jamnar ut straumforbruket ditt gjennom døgnet, får du eit lågare kapasitetsledd enn om du brukar mykje straum på éin gong i ein time. Eit lågare strømforbruk vil påverka energileddet i nettleiga.

En person som er kledd i hjelm og verneutstyr står i høyden i en strømstolpe og holder i en strømkabel, med fjell i bakgrunnen.

Energiledd + kapasitetsledd = nettleige

Spørsmål og svar om nettleige

Nettleigemodellen

Den nye nettleigemodellen er bestemt av nasjonale myndigheiter, for at me alle skal bruka straumnettet smartare.

Betre og jamnare forbruk av straumnettet reduserer behovet for kostbare nettutbyggingar, og sparar dermed alle nettkundar for pengar.

Halve nettleiga er offentlege avgifter og fordelinga av nettleiga er om lag slik.

Andre prisar og gebyr

Byggjestraum

Kostnad i samband med etablering av byggjestraumen, vert dekka av bestillar eller utbyggjar. For å bestille byggjestraum du fylle ut skjema som du finn på sygnir.no/byggje-grave

Alle prisar er eks avgifter,forbruksavgift, 1 øre/kWh i avgift til energifondet og 25% meirverdiavgift (med atterhald om endringar). Fakturering 12 gonger i året.

  • Fastledd kr/år 3 265,-

  • Leige av byggjeskåp per månad kr 448,- frå og med første leigemånad til og med 24. leigemånad

  • Leige av byggjskåp per månad kr 806,- frå og med 25. leigemånad

  • Energiledd 19,04 øre/kWh

  • Til og frå kopling kr 5663,- (næraste tilkoplingspunkt)

Stenging av straum

Nettselskap har høve til å stenga straumen din i einskilde tilfeller. Kunden har i forkant krav på skrifteleg varsel til faktura adressa, samt å bli varsla personleg.

Stenging må utsetjast dersom det er fare for liv og helse eller til dømes ved sterk kulde. Dersom slike omsyn skal takast må du kontakte netteigar og dokumentere at slike hensyn skal takast. Les meir om dine rettar ved stengevarsel på Forbrukarrådet.

Gebyr ved stenging

  • Kr 3 125 ,- ink mva

Prisar på montasje av målarar og utstyr

Gjeld etablering og montering av nye målarar og ved byte av eksisterande målarar.

Sygnir syter for etablering av målarar på alle anlegg i installasjon når melding om installasjon/ ferdigmelding er motteke frå installatøren.

Alle målarar er typegodkjent og godkjent av Justervesenet. Montering av målarar og målarutstyr må utførast av autorisert installatør/ representant for nettselskapet.

*Prisane er ikkje mva pliktig for kunden når det blir fakturert som anleggsbidrag (nyanlegg og forsterking av eksisterande anlegg).