Testar drone til transport av utstyr

Sygnir er blant dei første nettselskapa i landet til å testa ut frakting av ytstyr ved drone. Til no har testinga gitt gode resultat.

Sygnir er stadig på jakt etter nye og betre måtar å utføre arbeid i kraftnettet på. Nyleg testa selskapet for første gong dronetransport av utstyr til ulendt terreng, ved 66kV linja Vangen-Sitjande (Aurland) samt 66kV Hove Njøs og Sognefjordspennet 

Så langt er det svært få aktørar i bransjen som har prøvd ut denne typen løysing i linjearbeid. Erfaringane frå dei første testane er lovande. 

– Me ser heile tida etter nye måtar å effektivisere og forbetre drifta på. Det er spennande å teste ny teknologi, særleg når ein ser at det kan gi gevinstar både med tanke på tidsbruk, kostnader og HMS, seier prosjektleiar Stian Skåsheim. 

Erfaringane frå den aller første testflyginga i Aurland førre måndag var så god at løysinga raskt vart testa på nytt under arbeid i Vik-området nokre dagar seinare. Der vart rundt 240 kilo utstyr transportert frå arbeidsplassen fordelt på åtte flygingar. Mellom anna vart stige, boremaskin og anna materiell frakta i lufta. 

Positivt overraska

Ein av dei som var med på testflyging var energimontør Vegard Orrestad. Han har opparbeidda seg ein etterkvart brei erfaring med bygging og vedlikehald av kraftliner i bratt terreng, og innrømmer glatt at han var skeptisk i forkant av testflyginga. 

– Eg var skeptisk til både løfteevna og ladinga. Eg trudde det kom til å gå for sakte, og at kapasiteten ville vere for liten. Men eg vart veldig positivt overraska då eg såg kor effektivt det fungerte, seier Orrestad. 

Drona var meir effektiv og kunne bære tyngre enn Orrestad hadde sett føre seg.

Men skepsisen vart raskt snudd til optimisme.

– I somme tilfelle kan det vere utfordrande å få med seg alt utstyret ein ønskjer i krevjande terreng. Ved hjelp av drona vert dette enklare, seier han. 

Tidlegare har montørane i enkelte tilfelle måtta prioritere kva utstyr dei tek med seg ut på oppdrag, fordi transporten inn til arbeidsområdet har vore krevjande. Med drona kan dei få fram meir av utstyret dei treng, noko som kan bidra til både meir effektive arbeidsprosessar, mindre fysisk belastning og auka tryggleik. 

Blant gevinstane: mindre fysisk belastning, betre utstyr tilgjengeleg, betre HMS. Det gjer seg godt i høgda.

– Me kan spare både tid og pengar. Men kanskje viktigast er den potensielle gevinsten for tryggleik og arbeidsmiljø, seier Orrestad. 

Neste
Neste

Ti nettselskap går saman og krev endring: - Nok er nok