Viktig milepæl for nye Kvåle transformatorstasjon
Byggjeleiar Thorleiv Hurthi er godt nøgd med framgangen i prosjektet. Like bak ligg den nye transformatorstasjonen, der delen bakerst (vendt mot Sogndal sentrum) no har fått tak.
Ein viktig milepæl er nådd i bygginga av den nye Kvåle transformatorstasjonen. Like før fellesferien vart det invitert til kranselag for å markera at hovudbygget no har fått tak og er tett.
I lunsjtida samla entreprenørar og prosjektleiing seg til kranselag i brakkeriggen på Kvåle. Der vart det servert både salt og søtt til alle som har vore involverte i prosjektet.
– Prosjektet har hatt god framdrift så langt, og me er godt i rute, seier byggjeleiar Thorleiv Hurthi.
Utsikt frå taket ved det eine bygget på stasjonen.
– Det har vore eit godt samarbeid mellom dei ulike aktørane i prosjektet. Dette er ei fin anledning til å markera det me har fått til saman.
Bakgrunnen for prosjektet er at den eksisterande transformatorstasjonen på Kvåle er både kapasitetsmessig pressa og teknisk moden for utskifting. Auka elektrifisering og høgare straumforbruk i samfunnet gjer at straumnettet i området treng auka kapasitet og betre robustheit.
– Me kan no ta til med arbeid innandørs. I kontrollrom og tekniske rom blir det jobba med innreiing, måling, elektriske installasjonar, lys og overvåkingssystem. I midten av august kjem Siemens for å starta arbeid med kontrollanlegg og teknisk utstyr, fortel Hurthi.
– Me er per no i rute til spenningssetting innan sommaren 2027.
Sjå video med meir informasjon om prosjektet: