Personvernstadfesting

Frå mai 2018 er det eit krav om informasjonsplikt ved innsamling av opplysningar frå personar som registrerar seg på nett (ref. Personopplysningslova § 19).

Denne erklæringa inneheld informasjon om kva opplysningar me hentar inn og korleis dei vert behandla (ref. Personopplysningslova § 18 1. ledd).

Behandlingsansvarleg

Sognekraft AS ved konsernsjef er behandlingsansvarleg av personopplysningar.

Bruk av informasjonskapslar på denne nettsida

Eigar: Squarespace Analytics, Google Analytics 

Føremål: Samle informasjon om korleis besøkande bruker nettsida. Vi bruker denne informasjonen for å lage rapportar for å betre nettsida. Informasjonskapslane anonymiserer all informasjon. Dei seier noko om tal besøkande på nettsida, kvar dei kjem frå og kva sider dei besøker.

Eigar: Meta, LinkedIn

Føremål: Samlar informasjon om besøkande for å tilpasse marknadsføring på Facebook, Instagram og LinkedIn.

Eigar: Vimeo, YouTube

Føremål: Lagar statistikk på visningar og visningsdata på videoar på sida.


Informasjonskapslar

Sygnir bruker informasjonskapslar, også kalt cookies, på nettsidene. Cookies er standard Internett-teknologi som dei aller fleste nettstader bruker. Vi bruker dette for at nettsida skal fungere optimalt, for å analysere trafikken vår, for å tilby deg ei betre kundeoppleving neste gang du kjem til nettsida og for å levere tilpassa innhold og annonsar. Du kan når som helst endre innstillingar for cookies ved å gå til cookiebanneret. Vel du å avvise cookies, kan det vere at nettsida ikkje fungerer optimalt.


Besøksanalyse og statistikk

Google Analytics er eit verktøy for å analysera trafikken på nettstaden vår, levert av Google Inc («Google»). Verktøyet nyttar cookies for å analysera korleis brukaren nyttar nettstaden vår. Denne informasjonen vert lagra på Google sine tenarar i USA.

Google lagar rapportar basert på denne informasjonen, og nyttar den til å vurdere bruken av nettstaden. Informasjonen kan bli delt med tredjepartar dersom det er kravd ved lov, eller i tilfeller der tredjepartar behandlar informasjon på vegne av Google.

IP-adresser samla inn av Google Analytics er anonymiserte, og kan ikkje sporast tilbake til brukaren.

Les meir om korleis Google handterer data her: https://policies.google.com/privacy

Selskapet Kraftlauget AS har tilgang til våre Google Analytics-data gjennom drift og utvikling av nettstaden.


Google web fonts

For å sikre ei lik visning av fontar på alle einingar, nyttar denne nettstaden fontar tilpassa for nettbruk levert frå Google. Når du opnar ei side hos oss, vil nettlesaren din lasta inn fontane du treng for å vise sida skikkeleg til mellomlagringa di.

For å kunne gjera dette må nettlesaren din etablera ein kontakt med Google sine tenarar. Gjennom dette vil Google få beskjed om at di IP-adresse har besøkt vår nettstad. Dette er ikkje informasjon som me har tilgang til.

Me nyttar Google Web Fonts for å sørgja for ei lik visning av teksten på sida vår, i tillegg til estetiske årsakar. Dersom nettlesaren din ikkje støtter nett-fontar, så vert ein standard-font frå eininga din nytta av nettlesaren din.

Les meir om Google Web Font sin handtering av data her:  https://developers.google.com/fonts/faq

Og korleis Google generelt handterer data her: https://policies.google.com/privacy  


Lokasjonsdata

Nettstaden vår nyttar Google Maps for å vise vår lokasjon. Google Maps kan samla inn informasjon om brukaren, som til dømes plassering og IP-adresse.

Informasjon samla inn av Google Maps vert lagra på Google sine tenarar i USA, og me har ikkje tilgang til desse.

Les meir om korleis Google handterer data her: https://policies.google.com/privacy


Videovisning

Me nyttar Youtube/Vimeo for å vise filmar på nettstaden vår. Desse hentar inn informasjon som IP-adressa di, kva nettlesar du nyttar, teknisk informasjon om eininga di og kva tidspunkt du besøker sida.

Informasjon samla inn av Youtube/Vimeo vert lagra på Google/Vimeo sine tenarar i USA, og me har ikkje tilgang til desse.

Les meir om korleis Vimeo handterer data her: https://vimeo.com/privacy

Les meir om korleis Youtube handterer data her: https://policies.google.com/privacy


Støtteskjema

Gjennom våre skjema for søknad om støtte samlar me inn informasjon om søkjarane og søknaden deira. All informasjon som vert samla inn vert lagra på vår tenar, og vert lagra i opp til eitt år. Informasjonen vert berre nytta for å ha ei oversikt over søknadar og søkjarar. Behandlingsgrunnlaget er samtykke frå kvar enkelt søkjar.


Generelt

Selskapet Kraftlauget AS har tilgang til personopplysningar lagra på vår tenar gjennom drift, utvikling og vedlikehald av nettstaden.

Personopplysningane som vert lagra på nett-tenaren vår er dekka av same tryggleikstiltak som resten av nettstaden.


Førespurnader

Du kan ta kontakt med oss om du vil ha meir informasjon om Sygnir si handsaming av personopplysingar.