Byggjestraum
Byggjestraum
Treng du straumuttak til maskiner, lys og varme i byggjeperioden, kan du få tilkopla midlertidig byggjestraum iform av eit byggjeskåp. Kostnad i samband med etablering av byggjestraumen, vert dekka av bestillar eller utbyggjar.
Hugs også å inngå avtale med ein straumleverandør.
Ein må pårekna ei behandlingstid på inntil 5 dagar på slike saker.
For å avbestilla byggjestraumen kan du sende ein epost til kunde@sygnir.no og skrive “Avbestilling byggjeskåp” i emne-feltet og eventuelt referansenr/skåpnr for byggjestraumen i overskrifta.
Pris for byggjestraum
Fastledd kr/år 3 265,-
Leige av byggjeskåp per månad kr 448,- frå og med første leigemånad til og med 24. leigemånad
Leige av byggjskåp per månad kr 806,- frå og med 25. leigemånad
Energiledd 19,04 øre/kWh
Til og frå kopling kr 5663,- (næraste tilkoplingspunkt)
Alle prisar er eks avgifter,forbruksavgift, 1 øre/kWh i avgift til energifondet og 25% meirverdiavgift (med atterhald om endringar). Fakturering 12 gonger i året.