En mann iført verneutstyr som står i en stolpe, med en vakker fjord og fjell i bakgrunnen, der en regnbue er synlig.

Skal du melde feil på nettet ?

Har du observert noko som kan vera til skade for straumnettet, ynskjer me å få tilbakemelding om dette så raskt som mogleg. Del gjerne detaljert informasjon i vårt skjema.

Farlege forhold kan til dømes vera:

  • Straumskåp som står ope

  • Trefall over straumledning

  • Tre som skaper spenn i straumleidning

  • Straumleidning som ligg i bakken eller nær bakken

Det er svært viktig at du held god avstand til leidningar som heng lågt, eller ligg på bakken. Ledningen kan være straumførande, og gi alvorlege skader dersom du kjem for nær eller i kontakt med den.

Sygnir har bemanning 24/7

Har du observert noko av større alvorlegheitsgrad og treng å komma i kontakt med oss raskt? Ring oss på vakttelefon.

Vakttelefon
57 69 86 02

Jordfeil

Har du jordfeilbrytar som slår seg ut kan du sjølv lokalisera feilen ved å gå gjennom punkta under:

  • Skru ut alle sikringar og/eller automatsikringar bortsett frå overbelastningsvernet (hovudsikringen).

  • Slå inn igjen jordfeilbrytaren.

  • Kople inn ein og ein sikringskurs til jordfeilbrytaren koplar ut igjen. Du har no funne den sikringskursen som har jordfeil.

  • Slå av/skru ut den kursen som det er feil på. Kopla jordfeilbrytaren inn att.

  • Slå av alle brytarar, trekk ut alle støpsel på denne sikringskursen og skru inn/slå på sikringen/automaten igjen.

  • Slå på eit og eit apparat igjen til feilen oppstår igjen. Du har no funne det apparatet som er årsak til feilen. La dette apparatet vera fråkopla.

For utbetring av feil ta kontakt med godkjent installatør. Dersom du ikkje har jordfeilbrytar og du opplever at nokon får straumstøyt, må du kontakta godkjent elinstallatør omgåande for å finna denne feilen. Dersom installasjonen din er i orden, skal ikkje dette kunne skje. Det ville også vera ein god tryggleik om du får installatrøren til å montera jordfeilbrytar i anlegget ditt. Jordfeilbrytarane kan kopla bort ein feil som er under utvikling og som i verste fall kan resultera i brann eller at nokon får straum gjennom seg.

Ved jordfeil send epost til: dle@sygnir.no

En arbeider med hjelm og utstyr på et snødekt underlag, som klatrer på en trestamme, med en innsjø og snødekte fjell i bakgrunnen under en solrik klar himmel.

Mørke gatelys?

Det er kommunen som har ansvar for gatelys eller veglys på kommunale vegar.

Ved feil på gatelys langs riks- og fylkesvegar kontakt vegtrafikksentralen på telefonnummer 175 for informasjon om kven som har ansvar for feilretting.

En kvinne som jobber som kraftlinjemontør, står på en stige montert på en kraftmast, iført verneutstyr og reflekterende uniform, mens hun reparerer en elektrisk linje med fjell og landskap i bakgrunnen.

Leveringskvalitet og krav på kompensasjon