Nettilknyting

Mindre tilknytingar 

Kven skal du kontakte?

Er du privatkunde som skal byggje nytt eller auke kapasiteten til eigen bustad eller hytte, montere elbilladar eller liknande må du ta kontakt med ein elektrikar. Elektrikaren tek seg av innmeldinga av tilknytinga til Sygnir. 

Anleggsbidrag

Ved ny tilknyting eller auka effekt kan det vere behov for nettforsterking. Då kan anleggsbidrag verte aktuelt. Dette dekker kostnader knytt til nett som er bygd spesielt for ditt prosjekt. 

Tilknyting over 1MW

For å gjere innmeldingsprosessen enklare for større tilknytingar, brukar me TILKO både for forbruk og produksjon. Alle steg i saka di blir handterte i ein felles plattform, frå du sender inn førespurnaden, til saka er ferdig behandla.   

Når du registrerer saka, blir ho automatisk sendt til rett nettselskap basert på adressa du legg inn.  Sygnir kan også enkelt kople på andre relevante aktørar dersom det er behov for samarbeid i behandlinga av saka. Dette gjeld både nye anlegg og endringar eller ombygging av eksisterande anlegg. 

Brukarmanual for Tilko Brukermanual for kunde

Les meir om heile prosessen for større tilknytingar her Kø, reservasjon og modenhet (Fornybar Norge) 

Større næringskundar 

Ved utvikling av bustad- eller hyttefelt, industri, ladeanlegg, produksjonsanlegg eller næringsområder må tiltakshavar så tidleg som mogleg melde dette til Sygnir. 

 Ta kontakt gjennom en epost til Sygnir til tilknyting@sygnir.no som skal innehalde følgjande: 

 Lokasjon, gjerne gards- og bruksnummer 

  1. Forventa effektbehov 

  2. Planlagt idriftsetjing 

  3. Kort beskriving av prosjektet 

 Tidleg dialog gir betre oversikt over moglegheiter, reduserer risiko for forseinkingar, og gir betre estimat på kostnad.