Slik jobbar Sygnir med skogrydding langs linjene
Sygnir prøver stadig ut nye metodar for å rydda skog for straumnettet – frå dronekartlegging til maskinell rydding i bratt terreng.
Ekstremvêret Amy, i starten av oktober, var den kraftigaste uvêrshendinga med straumutfall sidan Dagmar i 2011. I Sogn og resten av landet var trefall på linjer den viktigaste årsaka til at over 100.000 kundar mista straumen totalt sett.
Etter uvêret har mange spurt om nettselskapa burde rydde meir skog for å unngå straumbrot.
Svaret er at det ikkje er så enkelt. For å sikra linjene heilt måtte ein ha rydda fleire titals meter kvar veg – noko som ville ført til store naturinngrep og svært høge kostnader. Og sjølv då vil det ikkje vera garantiar mot nye straumbrot når vêret slår til med full styrke.
– Me forstår godt at folk reagerer når straumen forsvinn, men det er ikkje berre å hogga alt som står nær ei linje, seier Oddbjørn Eggum i Sygnir.
Sygnir driftar 2300 kilometer med linjer, mykje av det over bakkenivå i det som er Noregs brattaste straumnett. Mange stader er svært vanskelege å komma til, og arbeidet mykje planlegging og store ressursar.
Oddbjørn Eggum fekk i likheit med kollegaene sine i Sygnir nok å henga fingrane i då Amy slo til for fult første helga i Oktober.
– Me må finna ein balanse mellom tryggleik, miljø, tid og ikkje minst økonomi. Det handlar om å sikra straumforsyninga, men òg om å bruka ressursane klokt. Dess meir me ryddar, dess høgare vert kostnadane og dermed også nettleiga til kundane våre, seier Eggum.
Må tekna nytt og smart
For å auka både kvalitet og effektivitet lyt Sygnir vera smarte i måten ein ryddar på – og ikkje minst våga å gå nye vegar. Eit døme på dette er at selskapet har nyleg teke i bruk dronekartlegging av luftlinjer (lenke), som gjer det enklare både å planleggja rydding og oppdaga feil i nettet.
Eit anna døme er innleige av Sognageita, frå det lokale firmaet Veda AS. Sognageita er ein maskin som spesialiserer seg på skogrydding i ulendt terreng.
Øystein Vedum i Veda As, med “Sognageita” i bakgrunnen. Maskinen er designa for å rydda skog i ulendt terreng på ein rask og effektiv måte.
– Med maskina til Sognageita kan ein rydda store område raskt og trygt, i område der den slepp til - til ein lågare kostnad enn om montørane våre skulle gjort det manuelt. Dette gir både auka effektivitet og lokal verdiskaping, og er eit godt døme på eit smart tiltak som gjer det enklare å rydda meir skog unna der det trengst, avsluttar Eggum.