El-tryggleik

DLE (Det Lokale Eltilsyn) i Sygnir AS er ein del av det offentlege tilsynsapparatet for elsikkerheit, og er fagleg underlagt DSB (Direktoratet for Samfunnsikkerheit og Beredskap).

Med heimel i Lov om tilsyn med elektriske anlegg og utstyr utfører DLE tilsyn i Sygnir sitt konsesjonsområde, som er kommunane Aurland, Balestrand, Leikanger, Lærdal, Sogndal og Vik.

DLE sitt arbeid har som mål å redusera skader og ulykker som skuldast elektrisk straum.
DLE sine arbeidsoppgåver:

  • Utføra stikkprøvekontroll av elektriske anlegg og utstyr.

  • Kontrollera at elektroinstallatørar som utfører arbeid på anlegg i området har naudsynt kunnskap og rutiner.

  • Utføra revisjon av Internkontroll-system i verksemder.

  • Informera ulike målgrupper om elsikkerheit.

  • Bistå politiet i samband med etterforsking av brannar.
     

DLE rapporterer til DSB om planlagde tilsynsaktivitetar og resultat av desse.

Om el-tryggleik

Dette har du lov til å gjera sjølv

  • Varmeomnar

  • Montera og skifta varmeomnar dersom dei har leidning med støpsel.

  • Kontaktar

  • Kopla til, eller skifta topolte skøytekontaktar, apparatkontaktar og montera leidningsbrytarar.

  • Små lamper

  • Kopla til lampettar, bordlamper etc. med bevegelig leidning og montere leidningsbrytararar.

  • Skøyteleidning

  • Kopla til, eller skifta topolt (einfasa) støpsel på skøyteleidning til og med 25 A, med og utan jording.

  • Taklamper

  • Kopla til og skifta lampar som heng i tak-krok eller liknande og er tilkopla med støpsel/stikkontakt.

  • Det må vera strekkavlastning på sjølve leidningen slik at leidningane ikkje vert fysisk belasta.

  • Dette gjeld ikkje i dei tilfelle lampane er å betrakta som ein del av den faste installasjonen, dvs. lampen er festa til underlag med skruer.

Ved utbetring, nye anlegg etc er det godkjent installatør som skal utføra arbeidet.