Leveringsplikt
Dersom du ikkje har vald ein straumleverandør, har me som nettselskap plikt til å levera straum til deg, til ein pris som er høgare enn du normalt vil kunne få frå ein vanleg straumleverandør.
Dette vert kalla leveringsplikt, og er kun meint som ei midlertidig ordning inntil du har skaffa deg straumleverandør.
Prisen for leveringsplikt er regulert av NVE, og informert om på nettsida til NVE.
Me anbefaler deg at du tek kontakt med ein valfri straumleverandør for å bestille den straumavtale som passar deg best.
På Forbrukerrådet sin strømpris.no kan du finne straumleverandørar i ditt område.
Du må oppgi flg. opplysningar ved bestilling av straum:
Målepunkt ID eller målarnummer
Fødselsdato eller organisasjonsnummer
Namn og adresse
Anlegget/målepunktet si adresse