Ti nettselskap går saman og krev endring: - Nok er nok

Bjørn Carsen, konserndirektør Sygnir.

– Denne urimelegheita kan ikkje lenger få halda fram. Me kan ikkje berre stå og sjå på at verdiar som burde blitt verande lokalt, blir flytta ut av regionen – og at kundane våre må betala for det. 

Det seier Bjørn Carlsen, konserndirektør i Sygnir. 

Saman med ni andre nettselskap har Sygnir sendt eit fellesbrev til Energidepartementet med krav om å endra regelverket for korleis nettleiga frå kraftproduksjon blir fordelt. Nettselskapa, som kjem frå ulike område fordelt rundt om i landet, meiner dagens ordning slår systematisk skeivt ut, særskilt i område med kraftoverskot. Bodskapen har støtte frå bransjeorganisasjonane Fornybar Norge, Distriktsenergi og Samfunnsbedriftene Energi. 

– Me eig nettet. Me byggjer det ut. Me driftar det. Me tek risikoen. Likevel må kundane våre betala meir i nettleige fordi delar av inntektene for jobben me gjer, blir sende vidare i systemet. Det heng ikkje på greip. I praksis vert me straffa for å legge til rette for det grøne skiftet gjennom gjeldande regelverk, seier Carlsen.

– Det har vore eit godt samarbeid mellom dei ulike aktørane i prosjektet. Dette er ei fin anledning til å markera det me har fått til saman.

- Make it make sense 

Kjernen i saka er at nettselskap i område med mykje kraftproduksjon gjennom dagens regulering frå RME ikkje får behalda heile nettleiga frå kraftverk som er kopla til regionalnettet. Ein betydeleg del av inntektene frå kraftverkkundane blir sendt vidare til Statnett, og nettselskapa sit att med rekninga og driftskostnadene. I følgje Carlsen går Sygnir aleine glipp av over 26 millionar kroner i året, noko som ville redusert nettleiga betydeleg for kundane.  

– I praksis kan du samanlikna det med ein kunde som et på ein restaurant, og når han er ferdig, må gå over gata og betala til ein heilt annan restaurant. Make it make sense, seier Carlsen oppgitt, som understrekar at problemet vert særleg synleg i overskotsområde der det blir bygd ut mykje fornybar kraft.

- Nettselskapa har tilknytingsplikt og når nye kraftverk skal koplast til nettet, kan dei ikkje seia nei. Dette krev store investeringar i utbygging, drift og vedlikehald der kostnadene blir fordelte gjennom nettleiga i området. 

I ei tid der Noreg treng meir fornybar kraft og meir nett for å lukkast med elektrifisering og klimaomstilling, meiner Carlsen at rammevilkåra verkar mot si eiga målsetjing.  

– I praksis går me og kundane våre i minus for å utføra ei tenestesom staten pålegg oss. Pengane forsvinn vidare i systemet, medan kostnadene blir verande lokalt. Desse midlane kunne ha bidrege til å halda nettleiga lågare. I staden får dei motsett effekt, seier Carlsen, som understrekar at dette ikkje berre gjeld Sygnir, men kraftoverskotsområde over store delar av landet.

- Lokal aksept er og vil bli mykje viktigare og denne saka undergrev heile dette fundamentet. Selskap som Sygnir vert straffa for å legga til rette for det grøne skiftet, legg han til.

Krev endring 

Målet med fellesbrevet til Energidepartementet er å få retta opp ei ordning som er heilt utdatert, og laga for ei anna tid. Carlsen meiner løysinga i utgangspunktet er enkel: 

– Det er snakk om ei mindre justering i forskrifta. Ein må sørgja for at nettleiga frå krafta også blir verande i regionalnettet. Det er ikkje meir komplisert enn det. 

Til slutt blir saka eit spørsmål om rettferd, miner han.  

– Det handlar om å sikra at kundane i distrikta ikkje betalar meir enn nødvendig. Dagens ordning tappar lokalsamfunn for verdiar. No meiner me at tida er inne for å retta opp i dette. Nok er nok.  

Les brevet som er sendt til Energidepartementet:

Lat nettleiga frå kraftproduksjon bli verande lokalt 

 Nettselskapa Linja, Kystnett, Linea, Indre Hordaland KraftNett, Sygnir, Fjellnett, Arva, Tendra Nett, Føie og Fagne ønskjer med dette å peika på ei ubalanse i dagens regulering av nettleige frå kraftproduksjon i regionalnettet, og kva konsekvensar dette har for straumkundar og lokalsamfunn i kraftoverskotsområde.  

Etter gjeldande regelverk får ikkje lokale nettselskap behalda heile nettleiga frå kraftverk som leverer kraft inn i eige regionalnett. Fastleddet frå denne produksjonen blir overført til Statnett, sjølv om det er det lokale nettselskapet som eig nettet, byggjer det ut, driftar det og sit med investeringskostnadene og risikoen. 

For alle andre kundegrupper i Noreg får nettselskapa behalda nettleiga. Unntaket gjeld kraftproduksjon kopla til regionalnettet. 

Nettselskapa har tilknytingsplikt og må gjennomføra betydelege investeringar i regionalnettet for å leggja til rette for ny kraftproduksjon. Desse investeringane blir finansierte gjennom nettleiga til nettkundane i området. 

I ein slik situasjon skulle inntektene frå kraftproduksjonen og kraftselskapa ha bidrege til å styrkja økonomien i nettet og halda nettleiga lågare for kundane. I staden skjer det motsette: Nettselskapa tek kostnadene ved å leggja til rette for ny produksjon, medan inntektene blir sendt ein annan stad. Resultatet er at nettkundane i kraftproduserande område betalar meir, ikkje mindre, enn dei elles ville gjort - medan Statnett får inntekter frå investeringar dei ikkje har finansiert. 

I praksis inneber dagens regulering at område som tek ansvar for å byggja ut ny fornybar kraft og leggja til rette for det grøne skiftet, kjem dårlegare ut økonomisk som følgje av dette ansvaret. Det framstår som urimeleg overfor dei nettselskapa og nettkundane som bidreg til å realisera nasjonale mål om elektrifisering og klimaomstilling. 

Skal Noreg lukkast med klimaomstillinga, trengst meir kraft og meir nett – ikkje mindre. Då kan ein ikkje ha eit regelverk som økonomisk svekkjer dei områda som faktisk byggjer ut og legg til rette for denne utviklinga. 

Løysinga er avgrensa og konkret. Alt som trengst, er at Energidepartementet legg til tre ord i gjeldande forskrift: «og regionalt distribusjonsnett».  

Me ber Energidepartementet ta tak i saka, endra forskrifta og retta opp denne ubalansen.  

Slik unngår ein at urimelege rammevilkår svekkjer dei områda som faktisk byggjer ut ny kraft. Samstundes sikrar ein at kraftoverskotsområda kan halda fram med å leggja til rette for ei raskare og meir effektiv klimaomstilling i Noreg. 
 
Med helsing,  
 
Nettselskapa 
 
Linja 
Kystnett 
Linea 
Sygnir 
Indre Hordaland KraftNett 
Fjellnett 
Arva 
Tendra Nett 
Føie 
Fagne 

Neste
Neste

Viktig milepæl for nye Kvåle transformatorstasjon