Om oss


Sygnir er med på å rusta Sogn for framtida i ein stadig meir elektrifisert kvardag. Våre tilsette jobbar kvar dag for å sikra kundane våre ei stabil og sikker straumforsyning - gjennom trygg og forsvarleg drift, og ei utbetring av straumnettet.

I dag leverer me straum til om lag 13800 nettkundar i kommunane Vik, Sogndal, Aurland og Lærdal. I tillegg har selskapet nettanlegg i kommunane Høyanger og Luster.


Vår kontaktinformasjon finn du her.

Bratt, brattare, Sygnir

Sygnir er ikkje som alle andre nettselskap. Me driftar det aller brattaste nettet i landet.

Sygnir spelar på lag med naturen, der me ofte finn smarte og framtidsretta løysingar ved bygging og drift av nettanlegga våre.

Med blikket retta mot ei berekraftig framtid

Tilgang til fornybar energi er ein avgjerande faktor for å lukkast med det grøne skiftet. Gjennom vedlikehald og opprusting av straumnettet i Sogn er Sygnir ein viktig bidragsytar for klimaomstillinga i vår region.

Samstundes som at straumnettet skal vera rusta til å handtere auka trafikk i framtidas elektrifiserte samfunn, skal nettet også vera rusta til å handtere utfordringane med eit stadig meir ustabilt klima med meir ekstremvêr.  

Berekraft handlar ikkje berre om klima, men også om sosiale og økonomiske forhold.

Det handlar om korleis våre handlingar påverker levekår for generasjonane som kjem etter oss. Det handlar om å kollektivt, som individuelt, ta dei gode vala som tener fellesskapet på sikt. 

Me veit at våre val i dag kan få konsekvensar for morgondagen. Gjennom berekraftig praksis ønskjer Sygnir, som del av Sognekraft-konsernet, å vera med på å forma ei levedyktig og rettferdig framtid i regionen, der alle våre felles ressursar vert teken godt vare på for komande generasjonar.

En person i verneutstyr står på en kraftlinjestige og reparerer en trestolpe, med fjell, fjord og regnbue i bakgrunnen.