Sygnir tek i bruk Tilko for større nettilknytingar

Sygnir brukar Tilko, ein nasjonal portal for større nettilknytingar. Her registrerer du kapasitetsbehovet ditt, legg inn dokumentasjon og følgjer saka di frå første førespurnad til tilknyting.  

Tilko samlar all dialog på tvers av nettbransjen på éin stad – enklare for deg, og meir føreseieleg for alle partar. 

Kva er Tilko?

Tilko er ei nasjonal løysing for å handtere tilknytingssaker over 1 MW. Portalen gir deg: 

  • Oversikt over informasjonskrava frå nettselskapa 

  • Kva du må levere til kva tid 

  • Status på saka di, steg for steg 

  • All dokumentasjon samla på éin stad  

Kvifor bruke Tilko? 

Tilko gjer prosessen enklare og føreseieleg: 

  • Éin digital inngang med full oversikt 

  • Tydelege krav som reduserer misforståingar 

  • Løpande status på saka di 

  • Lik prosess uavhengig av nettselskap 

 Tilko Nettilknytning

Brukarmanual for Tilko Brukermanual for kunde

Treng du hjelp? Kontakt oss på tilknyting@sygnir.no

Neste
Neste

Sjekkliste ved straumbrot