- På tide å gjera seg høyrt

Bjørn Carlsen, konserndirektør nett, Sygnir.

Det er ikkje rettferdig at Sygnir sine kundar må betala meir i nettleige, for at resten av landet skal få tilgang på straum herifrå.

Kommentar frå Bjørn Carlsen, konserndirektør nett, Sygnir.

Elektrifiseringa av Noreg er godt i gang, og mykje arbeid står igjen før ein har lukkast. Det betyr mellom anna at det må byggjast meir straumnett og det kostar pengar. I tillegg til eit aldrande nett som gradvis må skiftast ut betyr det at nettleiga for kundane i landet kjem til å auke i takt med investeringane til nettselskapa. Dette skapar utfordringar for nettkundane i område der nettleiga allereie er høg.

For Sygnir sin del kan ein av utfordringane knyttast mot at me ikkje får behalda heile nettleiga frå kraftverk som er kopla til regionalnettet. Nettselskap har tilknytingsplikt – når nye kraftverk skal koplast til, kan me ikkje seia nei. Dette krev store investeringar i utbygging, drift og vedlikehald. Likevel blir ein betydeleg del av inntektene sende vidare i systemet til Statnett, medan kostnadene blir verande lokalt – og fell på kundane våre. I praksis går me og kundane våre i minus for å utføra ei teneste staten pålegg oss.

I Sygnir sitt bruksområde har me eit kraftoverskot som er 20 gonger høgare enn forbruket til kundane. Når me bygger nytt nett så bidreg dette til å sende meir kraft ut av vår region og inn til dei store byane og industriane i aust og vest tenesta. Sidan me utfører tenester som i stor grad tener resten av landet bør også rekninga delast på fellesskapet - og ikkje tynge dei som bidreg mest. På same måte som me ikkje forventar at dei som bur der vegen er dyrast å byggje, skal ta heile rekninga åleine, bør heller ikkje nettleiga bli ein lokal straff.

Me i i Sygnir opplever dette som urimelege vilkår for våre kundar, og for nettselskap i tilsvarande situasjon. Det er på tide å seia i frå og gjera seg høyrt. Difor har me gått saman med andre nettselskap i tilsvarande situasjon i håp om å få til ei rimeleg endring i rammevilkåra, som kan vera med å fremja og ikkje hemme vidare klimaomstilling nasjonalt. Me kan ikkje akseptera stoda slik ho er no - for det kan ikkje vera slik at me i Sogn skal verte straffa for å legga til rette for det grøne skiftet i resten av landet?

Lat ein ting vera klinkande klart. Siste ord i denne saka er ikkje sagt.


Neste
Neste

Video: Bygging av ny transformatorstasjon i Sogndal