– Dette er framtidas måte å inspisera straumnettet på
– Drone gir oss betre oversikt, raskare feilretting og mindre belastning på både mannskap og natur. Me meiner dette er framtidas måte å inspisera nettet på, seier Per Olav Opheimshaug i Sygnir.
Etter eit vellukka testprosjekt i fjor satsar nettselskapet no vidare på dronebefaring i samarbeid med UAS Voss. Droneinspeksjonane vert utførte av Kenneth Kleppe i UAS Voss, som også stod bak prøveprosjektet i 2024. Kleppe inspiserer planlagte strekkjer som middel for å avdekkje feil og vurdera tilstanden på nettet.
– Dette bidreg til at Sygnir kan planleggja vedlikehald meir effektivt og presist, sler Kleppe fast.
Sparer tid og reduserer risiko
Med over 2300 kilometer linjenett – mykje av det gjennom bratt og ulendt terreng – er Sygnir avhengige av effektive verktøy for både tilsyn og drift. Rundt 560 kilometer av nettet går som høgspent luftlinjer, og mange av desse ligg i område der det er vanskeleg å ta seg fram til fots. I snitt rekk droneoperatørane å dokumentera mellom 20 og 40 kilometer linje per dag. Bileta dei tek er høgoppløyste og gir eit meir nøyaktig grunnlag for å oppdaga og klassifisera feil.
– I 90 prosent av tilfella er bileta så gode at me kan planlegga det me treng utan å reisa ut, seier assisterande baseleiar Christian Rumouhr Gjerde ved montørbasen i Lærdal.
Han er ein av dei som har hatt god nytte av dronebilete i planlegginga av feilretting og vedlikehaldsarbeid av linjene i Lærdal.
- Det sparar både tid og ressursar – og gir eit godt innblikk i det som skjer oppe på traversane, seier han og fortel at montørane i Lærdal så langt i år har skifta rundt 15 traversar - med planar om å byte fleire.
– Når me planlegg, kan me bruka bileta til å syna kvar me skal jobba og kva som må gjerast. Alle får same oversikt, og det har vore ein nøkkelfaktor for å oppdaga feil me kanskje ikkje hadde sett tidlegare, seier Gjerde.
Laserskanning og framtidsplanar
Nytt for året er at Sygnir testar ut lidar – ein type laserskanning som lagar nøyaktige 3D-bilete av terrenget og linjetraséen. Dette vil gje endå betre oversikt i område med tett skog, der det kan vere vanskeleg å sjå alt berre gjennom foto.
– Me får ein presisjon ned mot nokre centimeter, og kan avdekka utfordringar me elles ikkje ville sett, noko som vil gjera reparasjonsarbeid endå meir nøyaktig, seier Opheimshaug.