Spenningssette 132 Kv-linja til Feios kraftverk

Sygnir har no spenningssett den nye linja frå Feios kraftverk opp mot Dagshovden – den første 132 kV-linja selskapet har bygd i eigen regi.

Arbeidet har vore krevjande i stupbratt terreng, men òg svært lærerikt, fortel montør Lars Magnus Bungum, som har hatt stort ansvar i prosjektet:
– Eg er veldig stolt over det me har fått til, og over korleis lærlingar og unge montørar har vore med å drive dette framover.

Sygnir driftar det brattaste nettet i landet, og slik sett vikar ikkje dette prosjektet frå normen. Med over 650 høgdemeter den første kilometeren i linja har det vore tøffe tak i fjellsida opp frå Håastrondi, der kraftstasjonen til kraftverket ligg, men utfordringa har vorte teken på strak arm.

Energimontør Lars Magnus Bungum har fått mykje ansvar på montørsida i dette prosjektet.

- Stigninga har vore så voldsom at me har vore heilt på maks mtp utstyr, med godt over tre tonn i vekt fortel Lars Magnus vidare.

Sjå video frå luftig linjebygging i fjellsida:

Mange positive faktorar

Med linja spenningssett er det meste duka for driftsetting av Feios Kraftverk innan kort tid. Prosjektleiar i Sygnir Stian Skåsheim kan gje tommel opp, berre litt over eit år etter prosjektet starta. Skryten sprer han ut over fleire ledd.

– Innsatsen til unge montørar og lærlingar i dette prosjektet har verkeleg imponert meg, spesielt med tanke på kor krevjande det kan vera å byggja ei så bratt linje, for det er hardt arbeid. Så må det leggjast til at me også har drege god nytte frå våre erfarne entreprenørar - og eit godt samarbeid med grunneigarar har vore avgjerande for å få dette til, avsluttar han.


Neste
Neste

– Dette er framtidas måte å inspisera straumnettet på