Endringar i nettleiga
Frå 1. juli gjer Sygnir endringar i nettleiga, der både utrekninga og prisen på ein del av summen blir justert.
Me endrar korleis me måler høgaste forbruk
Tidlegare har kapasitetsleddet – altså delen av nettleiga som handlar om kor mykje straum du brukar på ein og same tid – blitt rekna ut ved å sjå på dei tre høgaste forbrukstimane i månaden, uavhengig av kva dag dei kom.
Frå 1. juli vil me i staden sjå på dei tre høgaste forbrukstimane – men på tre ulike dagar. Prisnivået på dei ulike trinna i kapasitetsleddet vert ikkje endra.
Justering i prisen per kilowattime
Samtidig aukar me prisen i energileddet med 5,5 øre per kilowattime (inkl. mva) frå 1. juli. Dette skuldast store investeringar i nettet som må dekkast inn. Tidlegare har det vorte kommunisert at denne auken ville bli utjamna av ein tilsvarande reduksjon i forbruksavgifta frå staten. Denne reduksjonen er no utsett til 1. oktober.
Kor hamnar nettleiga?
Nettselskapa er pålagt av Reguleringsmyndigheita for energi (RME) å driva effektivt. Det er RME som bestemmer kor høg inntekt me kan ha – og såleis kva nettleige me kan krevja innafor ei gitt ramme.
Nettleiga er sett saman av tre hovuddelar:
Ein del går til drift, vedlikehald og investeringar i det lokale straumnettet – som er ansvaret til Sygnir.
Ein del går til Statnett for bruk av sentralnettet (det nasjonale "motorvegnettet" for straum).
Ein del går til staten i form av offentlege avgifter.
Nettleiga dekkjer våre nødvendige kostnader, og ramma frå RME sikrar at nettselskap ikkje kan ta meir betalt enn det som trengst for å drifta, vedlikehalda og investera i nettet – og for å sikre god og trygg straumforsyning til kundane. Les gjerne meir på RME sine sider: Nettvirksomhet - NVE.