Innovativ linjebygging i stupbratt terreng
Det er både bratt og luftig opp det nye linjetrasèet frå Feios Kraftverk mot Dagshovden. Utsikten kan ein ikkje klaga på.
– Sygnir har det brattaste nettet i Noreg, og dette er definitivt ein av dei brattaste plassane. Og her byggjer me linje, seier prosjektleiar Stian Skåsheim.
No nærmar arbeidet med den nye 132 kV-linja mellom Feios kraftverk og Dagshovden seg siste fase. Linene er strekte, og montørane er i gang med å feste dei i mastetoppane – ein operasjon som krev både styrke, presisjon og lagarbeid.
Skånsam bygging i bratt terreng
Arbeidet skjer i ulendt terreng med store høgdeforskjellar og avgrensa tilkomst. For å løyse oppgåva effektivt – og trygt – har Sygnir teke i bruk helikopter for å transportera utstyr og materiell.
– Alt utstyret me brukar er planlagt for å flygast ut. Me må begrensa vektene, og planlegg alt ut frå sikkerheit, forklarar Skåsheim. – Det er tunge liner og store krefter i sving.
Stian Skåsheim er prosjektleiar for linjebygginga ved Feios Kraftverk.
Saman med lokalentreprenørar har Sygnir nytta ei norskutvikla metode for kjerneboring i fjell, der mastene kan forankrast utan store terrenginngrep.
– Me ikkje har store maskiner i terrenget, kun flygbare maskiner, minigravar og klatremaskin, som er lette og skånsome mot underlaget. Det er vanskeleg å finne spor etter dei. Bortsett frå litt skogrydding er det lite som blir varig prega. Gje det eit par år, så er det grønt og frodig igjen.
Måten Sygnir byggjer linjer på i eigen regi - nyskapande metodar for linjebygging i utfordrande terreng – og med mål om å redusera terrenginngrep –var medverkande årsak då Sognekraft-konsernet fekk innovasjonsprisen frå Distriktsenergi for 2025.
Krevjande men spektakulært
Kombinasjonen av lærlingar, unge montørar og erfarne fagfolk har vore sjølve nøkkelen til framdrifta i prosjektet.
Lars Magnus Bungum har vore med heilt frå starten, og går no inn i sluttfasen, der mykje av arbeidet handlar om å feste linene i mastetoppane – ein luftig og kraftkrevjande jobb.
Denne jobben er ikkje for den med høgdeskrekk. Men, med dobbelt sikring og god HMS er det trygt også i høgda.
– Det er veldig krevjande arbeid, men det er fint også. Spektakulært, eigentleg. Når du står i mastene og ser utover Leikanger og fjorden, er det ganske rått.
Med seg i fjellsida har han Tobias Loftesnes Kvåle, som peikar på god lagmoral – og solide dagsøkter:
– Det er eit tøft terreng og det er bratt, men det er dette folk gler seg til å jobba med. Me er ein flott og samansveisa gjeng som lærer av kvarandre – og så brukar me dei hjelpemidla me har, så godt det let seg gjera.
Tobias Loftesnes Kvåle er energimontør i Sygnir.
Siste innspurt
Stian Skåsheim fortel at no er det siste innspurten som står att, men er forsiktig med å spå nøyaktig når prosjektet er heilt ferdig:
– No har me strekt alle linene til endes, no festar me dei i toppen av mastene. Det vil gå framover mot midten av sommaren, og så er me klare for spenningssetting ikkje så lengje etter det.
Stian Skåsheim med god utsikt over det bratte linjetrasèet. Prosjektet er på god veg inn i sluttfasen etter eit effektivt år med bygging.