NVE gir løyve til nye transformatorstasjonar i Vik 

Frå pressemelding til NVE: Visualisering av dei to transformatorstasjonane i Ovrisdalen. Bilete er redigert av NVE ved bruk av KI for å fjerne kraftleidningane Statnett og Sygnir søkjer om som NVE ikkje vurderer no.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gitt løyve til fleire sentrale nettanlegg i Vik kommune. 

Vedtaket omfattar mellom anna to nye transformatorstasjonar ved Refsdal kraftverk i Ovrisdalen, ombygging av Hove transformatorstasjon og nye kraftleidningar frå Hove, Refsdal og Målset kraftverk inn til dei nye stasjonane. 

NVE skriv i si pressemelding at tiltaka er nødvendige for å auka overføringskapasiteten og styrkja forsyningstryggleiken inn mot Bergensområdet. Samstundes peikar direktoratet på at tiltaka er nødvendige for å unngå at regionalnettet og kraftverka i området mistar tilknytinga til det overliggjande nettet. 

NVE si pressemelding med full oversikt over vedtaket kan lesast her.

Usemje om rekninga for påtvungne investeringar

Vedtaket frå NVE kjem samtidig som Sygnir og fleire andre nettselskap har gått saman for å løfta spørsmålet om kven som skal ta kostnadene når tiltak i transmisjonsnettet utløyser investeringar lokalt. 

For Sygnir er Vik-saka eit konkret døme på problemstillinga. Statnett si oppgradering av transmisjonsnettet gjer det naudsynt med omfattande investeringar i regionalnettet for å oppretthalda tilknytinga mellom kraftverka, regionalnettet og transmisjonsnettet, og Sygnir er i dag tvungen til å stå for rekninga, sjølv om det er Statnett som utløyser prosjektet og samstundes avviklar ei fungerande tilknyting til transmisjonsnettet. 

Sygnir meiner sidan investeringane er ein direkte konsekvens av Statnett sine tiltak, bør ikkje kostnadane veltast over på lokale nettkundar gjennom nettleiga. 

– Når Statnett sine prosjekt for å forbetre kraftsituasjonen i andre delar av landet tvingar fram store lokale investeringar i regionalnettet hjå oss, meiner me det er urimeleg at rekninga blir send vidare til lokale kundar, seier konserndirektør Bjørn Carlsen. 

I samband med prosjektet i Vik bad Sygnir tidlegare i år i eit brev Statnett om å dekkja kostnadene som følgjer av dei nødvendige endringane i regionalnettet. I eit skriftleg svar avviste Statnett kravet og viste til at selskapet ikkje meiner dagens regelverk gir grunnlag for slik kostnadsdekning. 

– Statnett har gitt sitt svar, men for vår del er ikkje denne saka avslutta, seier Carlsen. 

Neste
Neste

Sygnir tek i bruk Tilko for større nettilknytingar