Her kjem Sygnir sitt soleklart største effektuttak i 2027
Cruiseskipa i verdsarvforjordane skal vera utsleppsfrie innan 2032. Difor er tilgang på landstraum ved Flåm hamn ein nøkkel for framtida til cruiseskipnæringa i og rundt Nærøyfjorden. Foto: Aurland Hamnevesen
Sygnir er no i gang med eit prosjekt av historisk størrelsesorden – bygging av ny straumtilførsel for å sikre landstraum til cruiseskip i Flåm. Med 16 MW i uttak blir dette det klart største uttaket i Sygnir sitt nett, nesten tre gonger større enn det største i Sygnir sitt nett idag.
– Dette er eit prosjekt som er heilt essensielt for framtidig næring og masseturisme i Flåm, seier prosjektleiar Kai Andre Ohnstad.
Hausten 2024 tok han til i stilling som prosjektleiar for Sygnir, og no sit han bak roret når Sygnir sin største forbrukskunde, målt i effekt til no, skal verte tilknytt nettet.. Cruisenæringa i Flåm håpar å kunne tilby landstraum til cruiseskip innan 2027.
Miljøtiltak
Jubelen stod i taket for Aurland hamnevesen og lokal næring då det i april klart at regjeringa - gjennom Enova - løyver 100 millionar kroner i støtte til finansiering av Landstraum-prosjektet i Flåm. Bakgrunnen for utbygginga er dei komande miljøkrava frå styresmaktene om utsleppsfrie fartøy i verdsarvfjordane innan 2032.
Prosjektet inneber mellom anna legging av nesten 7 km med kabel frå Aurland transformatorstasjon og til Flåm Hamn – mesteparten under vatn.
Kai Andre Ohnstad er prosjektleiar for landstraumprosjektet som er avgjerande for cruisenæringa i Aurland si framtid.
– Me står for planlegging, innkjøp og det fysiske arbeidet på land. Her er det snakk om ca 500 meter med kabel-legging i Aurland og i Flåm totalt. I tilleg skal me byggja ein trafokiosk i Flåm.
Den store brøkdelen av arbeidet går til legging av ca 6,3 km kabel under sjø, frå Aurland til Flåm, der sjøen er 232 meter på sitt djupaste. Denne jobben er det firmaet Seaworks som er leigd inn til å gjennomføra.
- Når denne jobben er gjort er det Sygnir som skal ta det i hamn, bokstaveleg talt. Det er snakk om eit par vekers arbeid, truleg på hausten 2026 ein eller annan gong, seier Ohnstad.
- Startskotet har gått
I mai månad var klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen på plass i Flåm for å markere byggjestarten. I strålande vestlandsver vart den første byggjesteinen for landstraumanlegget lagt – eit synleg bevis på at prosjektet no er i gang.
– Det har vore snakk om dette prosjektet lenge, men no er pengane på plass – og førre veke bestilte eg kabelen. Du kan slik sett seia at startskotet har gått, seier Ohnstad.