Elsikkerheitsdagen 15. oktober
Omlag halvparten av bustadbrannar i Norge har elektrisk årsak, anten det er feil på det elektriske anlegget eller feil bruk av elektriske apparat. Ein enkel sjekk av ditt elektriske anlegg kan avdekka fare og trygga heimen din.
15. oktober går elsikkerheitsdagen av stabelen - ein nasjonal dugnad for å redusera brann med elektrisk årsak. Elsikkerhetsdagen blir arrangert av Det Lokale Eltilsyn (DLE) med støtte av Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB).
I samband med elsikkerheitsdagen stiller Sygnir ved DLE på stand på Sogningen Storsenter. Møt oss utanfor H&M butikken frå klokka 12:00 til 14:30.
Ta test - vinn gåvekort
På elsikkerhetsdagen.no kan du ta ein enkel og gratis sjekk av ditt elektriske anlegg heime eller på hytta. Svar på spørsmåla på nettsida i løpet av kampanjeperioden (20. september til 31. oktober) og du er med i trekninga av eit gåvekort på kr 25 000,- (nasjonalt) og lokale premiar (Sygnir)
Les mer om elsikkerheit på elsikkerhetsportalen.no, og på Sygnir sine sider: sygnir.no/el-tryggleik