Konsesjonssøknad for ny regionalnettstruktur i Vik 

Sygnir har sendt inn konsesjonssøknad til NVE for ny regionalnettstruktur i Vik kommune. Bakgrunnen er at Statnett byggjer om det nasjonale transmisjonsnettet sitt for å forsyne Bergensregionen med meir kraft. Ombygginga gjer at dagens knutepunkt på Hove mellom det nasjonale og regionale straumnettet forsvinn. Dette krev store tilpassingar i det lokale- og regionale straumnettet for å sikra forsyningstryggleik og framtidig kapasitet i Vik - samt sikra ny nettilknyting til kraftverka i Vikfalli.  

Det er ein kompleks nettstruktur som må på plass. Søknaden omfattar difor mellom anna overtaking og ombygging av deler av dei eksisterande nettanlegga som Statnett og Statkraft eig i dag, samt alternativ nybygging av 132 kV linjer. I tillegg søkjer Sygnir at Hove transformatorstasjon i framtida skal inngå i regionalnettet, og at Refsdal transformatorstasjon blir det regionale tilknytingspunktet mot Statnett sitt nasjonale transmisjonsnett, som no vil bli lokalisert i nye Vik transformatorstasjon i Refsdal. 

Det ligg mykje arbeid bak utgreiingsarbeidet og konsesjonssøknaden. NVE, som er myndigheita som gjev konsesjon, har mange krav til utgreiingsarbeidet som krev spesialkompetanse. Difor har ulike fagmiljø gjennomført vurderingar av blant anna samfunnsøkonomi, tekniske forhold, miljø- og samfunnsverknader og grunneigarinteresser. 

- Fagmiljøa peikar på at gjenbruk av eksisterande nettanlegg er det alternativet som skil seg ut som det mest samfunnøkonomiske alternativet, samstundes som det også er det alternativet som samla sett har minst konsekvens for miljø og samfunn. Difor meiner me at dette alternativet er det samfunnsmessig mest rasjonelle alternativet, seier prosjektleiar Thorleiv Hurthi. 

Betydeleg levetid att   

Sygnir er, som andre nettselskap, underlagt Reguleringsmyndigheita for energi (RME). Det betyr at selskapet har plikt til å byggja og driva på ein effektiv og samfunnsøkonomisk forsvarleg måte, slik at straumnettet vert utvikla til lågast mogleg kostnad for kundane og omgivnadane. 
 
– Mandatet vårt gjer at me må velja det alternativet som gjer høgast samfunnsmessig nytte når alle løysingar og konsekvensar blir vegne mot kvarandre, forklarar Hurthi. 

Den eksisterande 300 kV-linja til Statnett har betydeleg teknisk levetid att. Ved å byggja om og nytta eksisterande nettanlegg kan Sygnir og dei andre påverka aktørane halda totalkostnaden nede – noko som på sikt kjem alle kundane og samfunnet til gode, både som sluttbrukar gjennom lågare nettleige og kraftprodusentane gjennom lågare anleggsbidrag. Samstundes sikrar ein effektivt naudsynt kapasitet for å møta framtidig auke i straumforbruket i Vik-området. 

– Me har forståing for at dette ikkje nødvendigvis er ei løysing alle ønskjer seg, særleg for dei som bur tett på leidningane. Samstundes er det vårt ansvar å finna den løysinga som me meiner totalt sett tener kundane og samfunnet best, seier Hurthi.   
 
NVE har no publisert søknaden, som skal behandlast i ei felles høyring saman med søknadene frå Statnett og Statkraft. Det vil verta arrangert eit ope folkemøte i Vik onsdag 3. desember kl. 19:00 på Blix Hotell, der Statnett, Statkraft og Sygnir deltek.  Det er mogleg å sende inn merknadar til innhaldet i konsesjonssøknadene til NVE innan 7. januar 2026. 

Endeleg vedtak om anleggskonsesjon etter Energiloven § 3-1, ligg hos NVE.  


Neste
Neste

Sygnir startar bygging av ny transformatorstasjon i Sogndal