Samarbeidet med fagskulen skapar vekst og gode karrieremoglegheiter

Tilsette frå Sygnir og Sognekraft Produksjon vert på løpande band uteksaminerte frå elkraftlinja til Fagskulen Vestland. Oddbjørn, Runar og Anders kunne nyleg juble etter å ha fått tommelen opp.

Tre blide karar med tommel opp

Oddbjørn Eggum, Runar Vangsnes Voll (på pc) og Anders Fosse Refsdal kan juble over å no vere uteksaminerte frå Fagskulen Vestland. Utdanninga vart fullført medan dei alle jobba var i jobb.

- Det er fantastisk å vera uteksaminerte!

Det er den samla beskjeden frå både Anders Fosse Refsdal, Oddbjørn Eggum og Runar Vangsnes Voll (Sognekraft Produksjon).

Nyleg vart dei uteksaminerte frå fagskulen Vestland, etter tre år med deltidsstudie på elkraftlinja, avdeling Førde.

Kompetansebygging og forfremjing  

Linja har vore sidan 1984 og egnar seg godt for tilsette og montørar innan elfag som ønskjer å utvide si tekniske kompetanse. Gutane følgjer i fotspora til mange dyktige ingeniørar i Sognekraft-konsernet som har vorte uteksaminerte før dei.

- Eg har jobba som montør i årevis og no ville ha meir tekniske utfordringar. Med utdanninga så oppnådde eg det eg ønskte.

I løpet av programmet har alle dei tre karane, som byrja som montørar, fått gradvis meir ansvar på jobb. Runar er no produksjonsingeniør i Sognekraft. Hjå Sygnir er no Anders prosjektleiar i nettutvikling på distribusjonsnettet medan Oddbjørn er assisterande overmontør.

- Med teknisk fagskule så kan ein bli  overmontør, prosjektingeniør, lærar. Ein har eit ekstra steg å gå vidare på, seier Oddbjørn.

Leiar for montasje Daniel Meisterplass seier fagskulen er ein viktig samarbeidspartnar for kompetansebygging i Sygnir.
 

Daniel Meisterplass foran PC på kontor

Daniel Meisterplass er svært glad for at montørar og tilsette kan ha moglegheiten til å vidareutdanne seg på fagskulen medan ein er i jobb.

- Det er utfordrande å rekruttere montørar er det enda vanskelegare å få tak i ingeniørar, difor er utdanning av eige tilsette eitt viktig og noko me verdset høgt. Det skal alltid vere ein god moglegheit kompetansevekst og å ta nye karrieresteg i Sognekraft-konsernet.

Viktig med sjølvdisiplin

Men å gå på fagskule ved sidan jobb er ikkje som å skru på ein magisk brytar. Det er hardt arbeid. Heldigvis har det vorte lagt godt til rette for karane, også under arbeidstid, sjølv riktig nok har vorte nokre seine kveldar.

Me har hatt undervisning to dagar i veka på ettermiddag/kveld og så har me sote mykje i helgane. Men me har mellom hatt ein studiedag i veka på jobb for å jobbe med dette, så det er me glade for, seier Anders.

Tre karar ved bordet.

Det har vorte nokre ettermiddagar i lag for Runar (i Vik), Anders og Oddbjørn ( I Sogndal). Kursinga har vore digitalt som eit resultat av tidlegare koronarestriksjonar. Normalt møter ein også fysisk.

- Kor viktig er det å ha eit slikt tilbod som dette?

- Nei det gjev jo gode karrieremoglegheiter, så slik sett er det eigentleg heilt genialt! Men, ein må ha god sjølvdisiplin, avsluttar han.

Nysgjerrig på våre ledige stillingar? Sjekk ut ved å klikke på denne lenka.


Forrige
Forrige

Vil du rusta Sogn for framtida?

Neste
Neste

- Eit anlegg for framtida