- Eit anlegg for framtida

Den nye transformatorstasjonen i Fonndøla kan potensielt verte eit viktig knutepunkt for satsing på framtidig grøn industri i Sogn.

To montørar ved nye Fonndøla transformatorstasjon

Onsdag 24.05 vart den nye transformatorstasjonen i Fonndøla spenningsett. Odd Einar Bruun (t.v.) er ein av montørane som verkeleg har stått på, her saman med prosjektleiar Jimmy Stølen.


- Dette er eit anlegg for framtida, seier prosjektleiar Jimmy Stølen, medan han ser utover nye Fonndøla transformatorstasjon i Gaupne.

Stasjonen erstattar tidlegare Leirdøla transformatorstasjon, som Sygnir overtok frå Statnett i desember i fjor. På like under halvåret har 300 kV-anlegget vorte rive, medan det nye 132 kV-anlegget har vorte bygt opp.

Bilete av Anlegg i Fonndøla

Det nye 132 kV-anlegget i Fonndøla erstattar Statnett sitt 300 kV-anlegg.

Berekraft

Onsdag 24.05 vart anlegget spenningsett for fullt, ei god veke før tidsfrist. Framleis står noko opprydding og finpussing att, men ein stor milepæl er nådd no når dei første elektronane går gjennom anlegget.  

- Me må gje skryt til våre eigne energimontørar som saman med montørane frå Eviny verkeleg har stått på, trass ein knallhard vinter med mykje snø og låge temperaturar. Det har vorte gjort ein kjempejobb, seier Jimmy.
 

Smilande montørar i Fonndøla

Standhaftige montørar har med pågangsmot jobba på gjennom vinteren og våren, uavhengig av vind og vêr.

Tidleg vart det bestemt at anlegget frå Statnett som Sygnir tok over skal verte pakka skånsamt ned slik at det potensielt kan verte nytta igjen ein annan stad, då anlegget frå 70-talet framleis har nokre gode leveår att. Det har ført til ekstra arbeid når det gjeld logistikk, men alt i alt er det verdt strevet, meiner Jimmy.   

- Ein skal sørgje for at komponentar vert skånsamt tatt ned. Alt må merkast, systematiserast og leggast rett. Det er nok meir arbeid enn ein kanskje trur, men me trur på berekraft – og sjølv om me no har ein ny stasjon kan det vere anlegget kjem til god nytte ein annan stad dersom det skulle vera ønskjeleg.

Stort potensiale for grøn industri

Med det nye anlegget oppe og gå har også Sygnir tatt over eit viktig tilknytingspunkt til sentralnettet til Statnett.  Utvekslingspunktet for lokalnettet i store delar av Indre Sogn vil no vera i Fonndøla. Mykje kraftproduksjon i regionen vert anten sendt derifrå og til sentralnettet, eller attende til forbrukarar i regionen.  

- Før var det Statnett som råda over det, medan no er det me som sit med det ein kallar eit sterkt knutepunkt. Fordelen med dette er at me potensielt kan vere med å leggja til rette for nærliggande kraftkrevjande industri, dersom forholda ligg til rette for dette.

Sygnir har dei neste ti åra planlagt investeringar for om lag 800 millionar kroner, der ein forbetrar og byggjer ut eit nett som er rusta for framtida og det grøne skiftet. Det er med andre ord nok å ta tak i for Jimmy og gjengen.

Jimmy Stølen foran anlegget

Jimmy seier spenningsettinga skal markerast, men så er det vidare til neste prosjekt.

- No skal me sjå til å få markert dette på skikkeleg vis, så er det vidare til neste prosjekt. Det er aldri mangel på noko å gjere for det grøne skiftet er allereie godt i gang og me må bidra så godt me kan!




Forrige
Forrige

Samarbeidet med fagskulen skapar vekst og gode karrieremoglegheiter

Neste
Neste

No kan du melde frå om feil på nettet