Nytt varslingssystem vil gje deg betre oversikt over når straumen kjem og går

Alt er no berre eit klikk unna. 

Skjermdump frå straumkart

Illustrasjonsbilete av det nye straumkartet.

- Me er svært glade for å ta dette i bruk, seier avdelingsleiar for distribusjonsnett Vidar Øvretun i Sygnir.

Etter nokre veker med prøving i haust er Sygnir no klare for å presentere eit nytt varslingssystem til kundane. Formålet er å raskt kunne spreie informasjon om kvar og når straumstans skjer, samt gje høve for kundar til å følgje med på utviklinga kring når straumen kjem tilbake.

- Dette betyr at me når meir effektivt ut med kommunikasjon, samstundes som at me får frigjort meir tid til å fikse problema som kan oppstå.

SMS og kart

Systemet har to hovudfunksjonar; Kundar av Sygnir får push-varsling på SMS, anten det gjeld uventa straumutfall eller planlagde utkoplingar. I tillegg kan dei følgje med på Sygnir sitt nye straumkart på nettsida, som kontinuerleg vil kunne gje ein oversikt over kva område som er med eller potensielt utan straum.  

- Dette ser me på som ein solid oppgradering frå å primært informere via Facebook og vår vakttelefon. No når informasjonen ut til dei som treng det med berre eit tastetrykk og kundane sjølv kan følgje med ved å klikke seg inn på lenkja og sjå på kartet, seier Øvretun.

Han legg til at det framleis er ønskjeleg at folk ringjer inn – dersom ein har melding om farlege forhold eller annan viktig informasjon som kan føre til at straumen kan kome att raskare.  

Bilete av Per Olav og Vidar

Per Olav Opheimshaug (t.v) og Vidar Øvretun gler seg over moglegheitane som no kjem med det nye varslingssystemet.

Driftskonsulent Per Olav Opheimshaug har også vore med i arbeidet med å få i gang det nye varslingssystemet som er del av ei større oppgradering på driftssentralen. Han fortel at det framleis vil kome noko informasjon ut på andre kanalar også.  

- Ved større hendingar er det hausta erfaring frå andre nettselskap at avisene fangar opp informasjonen i straumkartet og formidlar denne til sine lesarar. Sidan det først og fremst er huseigarane som får SMS-varsel, vil det seie at det er ein risiko for at ikkje alle som kan vere råka av straumbrot får varsel. Når media fangar dette opp i tillegg trur me det blir ein god dekning til brukarane også via deira kanalar. 

Oppdatering av kundeinformasjon

Opheimshaug fortel at dei i prosessen med byte av varslingssystem har sett stadig fleire tilfelle der kundar ikkje står registrert med rett informasjon, telefonnummer eller liknande.  Difor vert kundar oppfordra til å sjekke at opplysningar er korrekte.

-  Det kan vere feil adresse på abonnenten, eit feil tal på telefonnummer eller liknande.

- Kundane må kontrollere hjå kraftleverandøren, anten det er Wattn, Tibber el. Likn, at dei har riktig informasjon, slik at det vert oppdatert.

Ein kan også gå inn på Mi Side på Sygnir.no og leggje inn varsel om straumutkopling til det telefonnummeret eller/og til e-posten ein ynskjer.

Kundar får i desse dagar SMS med meir informasjon om gjeldande forhold. Opheimshaug legg til at elles skal det meste vere klart til bruk. Han minnar framleis om ein viktig ting:  

- Tidsperspektiv er viktig å ha med her. Når driftsentralen får melding om eit straumutfall så vil det ta framleis ta tid før overordna vakt får oversikt over hendinga og dermed får sendt ut informasjon.

Men med det nye systemet er det i alle fall ingen tvil om at Sygnir kan nå ut til kundane meir effektivt enn før. Det er bra for nettselskapet, og ikkje minst for kunden, avsluttar han.

Har du lyst å teste kartet? Klikk deg inn på denne lenkja.


Forrige
Forrige

Røykvarslaren – di viktigaste livsforsikring

Neste
Neste

Sygnir sin framtidsretta satsing lokka Vegard tilbake: - Spanande å vere her