Sygnir sin framtidsretta satsing lokka Vegard tilbake: - Spanande å vere her

Snart er 70 år gamle leidningar og mastar på Leikanger bytta ut, med god hjelp frå unge og lovande montørar.

Vegard Orrestad ute bilete

Etter nokre år vekke er sogningen Vegard Orrestad tilbake i Sognekraftkonsernet, nærare bestemt Sygnir. Han trivst i eit ungt og spanande arbeidsmiljø.

- Sygnir driv veldig bra i mine auge. Eg tykkjer det er veldig spanande å vere her, seier Vegard Orrestad (28).

Sogndølen er byggjeansvarleg for linjebygginga mellom Hamre og Suppam på Leikanger. Den nye linja vil sørgje for at Leikanger-bebuarane vil få straumforsyningar frå Suppam kraftstasjon når det heile står ferdig.

Til no har dei fått det frå trafostasjonen på Njøs. Stasjonen er frå 60-talet og er difor klar til å skiftast ut, men først må linjene på Leikanger erstattast. Både dei og mastane i området har vore i bruk sidan like etter krigen.

Tøft arbeid

- Mastane er gamle, men dei er solide. Det er noko drit å rive dei, flirar Vegard.

Men trass tøffe tak angrar ikkje Vegard på at han i fjor haust valde å takke ja til fast jobb i Sygnir, seks år etter at han var i Sognekraftkonsernet sist.

- Det er kjekt å vere tilbake og byggje linjer at, no for Sygnir. Mange er i sving, og at dei i tillegg utdannar eigne linjemontørar er veldig kjekt. Det lovar godt for framtida.

Vegard klatrar i fjellvegg

Vegen til og frå jobb er tøff og bratt. Det ser Vegard på som ei utfordring - ikkje hindring.

For med god hjelp frå montørar og lærlingar byrjar prosjektet sakte men sikkert å nærme seg ein slutt dato. Målet er å få det klart innan enden av året.

Det betyr at gjengen frå Sygnir må stå på for å få det ferdig, sjølv om vêret kan verte tøft utover hausten – i utfordrande terreng. Det ser ikkje ut til å leggje ein dempar på stemninga likevel.

- Eg tykkjer det er moro med krevjande terreng. Det vert meir spesielt å jobbe under slike forhold. Dersom det verkeleg er dårleg vêr så tenkjer eg berre at ein får betalt for å trene, seier Thea Flesland Gjerstad. Ho er ein av lærlingane som denne hausten tek fagprøven hjå Sygnir.

Fire smilande montørar med fjord og fjell i bakgrunn

Vegard har med seg ein ung og lovande gjeng på feltet. Frå venstre: Lars Magnus Bungum, Tobias Kvåle og Thea Flesland Gjerstad.

- Og så skal det seiast at det er voldsomt flott her når vêret er fint, seier Tobias Kvåle, ein av dei unge montørane som tidlegare også har gått vegen som lærling i bedrifta.

- Ein vinn-vinn situasjon

Nettopp denne utdanninga av montørar som driv med linjebygging er ein forholdsvis ny satsing som har komme dei siste seks-sju åra. Det gjev positive framtidsutsikter for eit selskap som ønskjer å skape meirverdi i samfunnet, meiner seksjonsleiar, montør, Daniel Meisterplass.

- Ser du berre nokre år tilbake i tid så ville me kanskje ha leigd inn ekstern for å få gjort ein slik jobb som dette. No held me kompetansen internt og byggjer meir effektivt sjølv. Dette er ein fin måte å skape arbeidsplassar til regionen, og tiltrekkje seg ung arbeidskraft.


- Dessutan gjer det også at me klarar å følgje opp endå betre lokalt, dersom straumen går, fordi fleire sit inne med betre kunnskap om linjene. Så på mange måtar er det ein vinn-vinn situasjon både for oss, men også lokalsamfunnet, seier Daniel.


Forrige
Forrige

Nytt varslingssystem vil gje deg betre oversikt over når straumen kjem og går

Neste
Neste

Difor må du ikkje slå av hovudsikringa på hytta