Gamle linjer vert rivne frå fjellsida: - Litt av eit arbeid

Montør trekker linjer i fjellet

Vegard Orrestad er blant montørane som har fått i oppdrag å rive gamle linjer i utfordrande terreng mellom Sogndal og Leikanger.

- Ein lyt jo gjera seg nokre tankar tilbake til dei som sette opp desse linjene ein gong i tida. Det må ha vore litt av eit arbeid, seier baseleiar for Sygnir sin montørbase i Sogndal i, Erling Sperle.

For å rusta Sogn for framtida i det grøne skiftet investerer Sygnir stort i effektivisering og modernisering av nettet i Sogn. Dei siste vekene har det vorte rive fleire kilometer med av gamle linjer i området ved Fardal/Ylvisåker mellom Sogndal og Leikanger.  

HMS, responstid og driftssikkerheit

Linjene som har stått, nokre tilbake til 1940-talet, er allereie erstatta med kabel i gangveg og sjøkablar. Arbeidet som har vorte gjort er ein del av ei større opprusting i Sogn - eit naudsynt arbeid som vil tena lokalsamfunnet på sikt.

Erling Sperle portrett i sola

HMS er viktig, og fornying av nettet bidreg i positiv forstand, meiner baseleiar Erling Sperle. 

- Modernisering av straumnettet er ei viktig forutsetting for å lukkast med klimaomstillinga. Betring av kapasitet er avgjerande for å kunne handtere framtidas utfordringar i eit elektrifisert samfunn.  
 
Sygnir driftar i Noregs brattaste terreng for straumnett. For montørane som jobbar med vedlikehald av straumnettet er oppgraderingane primært tre fordelar: Raskare responstid ved utfall, betre driftssikkerheit, og meir tryggleik.

- HMS vil alltid vera pri 1 hjå oss. Dette er eit utfordrande terreng som ikkje alltid er så lett å sleppa til. Me har nokre slike type område att før me kan seie oss nøgd, seier Erling medan han kikar opp mot nokre bratte fjellknausar like ved Ylvisåker. 

Står på vidare

Å få fjerna både master og tråd høgt oppe i bratte fjellveggar er noko som krever planlegging, og presisjon - nett slik vedlikehaldet av nettet krevde i si tid. Helikopter har vorte kopla på i arbeidet, for fjerne betonglinjene trygt vekk frå rasutsette områder.

- Mesta har i same tidsrom holdt på med vegstenging i samband med rassikringsarbeid, noko som har medført korte stengingar. Då passar det godt at me kan utføre denne typen arbeid i sama slengen, for å minimere risiko for trafikkantar, seier Erling som ventar at arbeidet skal vera ferdig kring midten av november. 

Helikopter river linjer fra fjell

Montørar og helikopter sørger for trygg og effektiv riving av gamle linjer langs den bratte fjellsida ved Ylvisåker, mellom Sogndal og Leikanger.

Han legg til:

- Oppgraderingsarbeidet av straumnettet i Sogn vil ta mange år, men våre tilsette er motiverte for oppdraget. Dette er eit elementært bidrag til det grøne skiftet, og ei viktig investering i framtida.    


Forrige
Forrige

Engasjerte elevar på elektrosamling

Neste
Neste

Etiske retningslinjer for leverandørar