Sygnir reduserar nettleiga med 5 prosent frå 1. januar 2026
Frå og med 1. januar 2026 reduserar Sygnir nettleiga for både privat- og næringskundar med 5 prosent.
Reduksjonen kjem i hovudsak av lågare kostnader til Statnett, mellom anna på grunn av høgare forventa flaskehalsinntekter.
Du kan lese mer om flaskehalsinntekter her: Flaskehalsinntekter | Statnett
Korleis er nettleiga sett saman?
Sygnir er regulert av RME og har som mål å halda nettleiga så låg og føreseieleg som mogleg. Når kostnadene våre går ned, skal det òg koma kundane til gode gjennom lågare nettleige. Det er signalisert frå Statnett at nettleiga på sikt vil auka igjen, som følgje av nødvendige investeringar og oppgraderingar i straumnettet.
For privatkundar og mindre næringskundar består nettleiga av to ledd:
Kapasitetsledd – reknast ut basert på gjennomsnittet av dei tre høgaste forbrukstimane fordelte på tre ulike dagar i månaden
Energiledd – kostnad for den totale mengda straum brukt i månaden
Begge desse ledda blir reduserte med 5 prosent før offentlege avgifter og meirverdiavgift.
For næringskundar med forbruk over 100 000 kWh/år (effekttariff) består nettleiga av:
Fastledd – ein fast sum kvar månad
Effektledd – basert på den timen i månaden med høgast forbruk
Energiledd – kostnad for den totale mengda straum brukt i månaden
Alle desse tre delane blir òg reduserte med 5 prosent før offentlege avgifter og meirverdiavgift.
Offentlege avgifter
Offentlege avgifter utgjer ein stor del av den totale nettleiga. Frå 1. januar 2026 vil regjeringa redusere elavgifta til 8,91 øre/kWh inkludert meirverdiavgift. Dette vil, saman med reduksjonen frå Sygnir, bidra til lågare kostnader for kundane. Avgift til energifondet og meirverdiavgift er uendra.