Sygnir-beredskap gjennom jula

Vinterhalvåret byr på vêrutfordringar av ulikt slag for straumnettet, som til dømes tunge snøfall på linjene.

Jula er ei tid der straumforbruket ofte aukar. Mange har ferie og er meir heime, det blir laga meir mat, brukt meir lys og varme. I tillegg reiser mange på juleferie med elbil, noko som gjer at behovet for lading gjerne er større i denne perioden. 

Når forbruket går opp, stiller dette også ekstra krav til beredskapen fordi behovet er større.  

Sygnir har beredskap som normalt gjennom heile juletida. Det betyr at folk er på vakt og kan rykkja raskt ut dersom noko skjer i straumnettet.

Vinter og snø stoppar ikkje våre montørar. Straumen skal fram til kundane våre, året rundt.

Hausten og vintermånadane set i blant straumnettet vårt på prøve - som følgje av røffare vêr enn elles på året. Utfordringar kan til dømes vera mykje vind, eller store nedbørsmengder – til dømes nysnø som legg seg på linjene. Difor kan ein aldri garantera at det ikkje oppstår feil, men beredskapen er laga nettopp for å handtera slike situasjonar.  

Eit døme dette fekk me i jula 2023. Då vart området frå Borlaug til Fresvik og Frønningen råka av straumbrot på julekvelden, etter snøfall på linjene. Vaktpersonell følgde situasjonen tett, og montørar rykte ut same kveld og starta reparasjonsarbeidet. Mykje av straumen var tilbake allereie utover kvelden og i nattestimene, men for å koma fram til Frønningen måtte montørane ta båt. Morgonen etter var straumen tilbake for alle kundar.

Feilrettingsarbeid i Frønningen 1. juledag 2023.

Meld inn feil eller farlege forhold

Det er alltid beklageleg når straumen ikkje kjem fram. Samstundes gjer naturen og klimaet i området at ein aldri kan garantera at det ikkje oppstår feil. Nettopp difor er det viktig at Sygnir har lokal beredskap som kan rykkja raskt ut der folk bur.

Vakttelefonen er open heile juletida. Dersom ein oppdagar straumbrot, feil eller farlege forhold i nettet, kan ein ta kontakt der. Det er òg mogleg å melda inn via skjema på nettsida. Slike meldingar hjelper Sygnir med å oppdaga og kartleggja feil raskare, og gjer det lettare å få straumen tilbake så fort som mogleg.

Med det ønskjer me alle ei god og trygg jul.

Sygnir prøver stadig ut nye metodar for å rydda skog for straumnettet – frå dronekartlegging til maskinell rydding i bratt terreng.


Forrige
Forrige

Sygnir reduserar nettleiga med 5 prosent frå 1. januar 2026 

Neste
Neste

Røykvarslaren – di viktigaste livsforsikring