Engasjerte elevar på elektrosamling

Sygnir-tilsett Daniel Meisterplass var ein av dei som måtte i elden då Sognekraft-konsernet inviterte skuleelevar på show onsdag 15.11

- Eg var usikker på kva eg ville søkje på VGS før eg kom hit i dag, men no er eg heilt sikker, seier ungdomsskule elev Sander (15).

Saman med nærare 60 andre elevar var han til stades då eit samla lag frå Sognekraft-konsernet i samarbeid med ViteMeir inviterte inn elevar frå Balestrand, Leikanger, Sogndal, Lærdal og Aurland.

Læring og moro

Hovudtema for dagen sentrerte seg rundt jobb og utdanningsmoglegheiter utifrå retningsval ved vidaregåande skule, primært retta mot elektrofag. Representantar, montørar og lærlingar frå dotterselskap i konsernet, mellom anna Sygnir, bidrog med fagleg innhald i løpet av dagen, i tillegg til eit vitenskapsshow frå ViteMeir.  

- Me er eit konsern i stadig vekst og rekrutteringsbehovet er stort. Difor er det viktig synleggjera kva framtidsmoglegheiter ein kan ha hjå oss. Då er det flott å bruka ein plattform som denne for unge og lovande der dei både kan læra og ha det moro, seier direktør for samfunn og innovasjon Torgeir Skålid i Sognekraft-konsernet.

Rettleiar i Sygnir Reodorklubb og ViteMeir-tilsett Andreas Uglum Vik skapte liv og røre som ein litt «gal» professor undervegs i presentasjonen.

Både niande og tiande-klasse var med på det som var den første samlinga på ViteMeir av denne typen sidan Energiutstillinga opna tidlegare i år. Lærar Harald Winjum frå Aurland barne og ungdomsskule trur besøket var nyttefult for mange elevar som er i tenkjeboksen.

- Det er nok på denne tida at spesielt mange i niande klasse byrjar å verkeleg tenkje på kva dei vil velje på VGS, medan nokre i tiande klasse framleis er usikker på kva dei vil.

Ungdomskulelæraren Harald Winjum trur vennekretsen påverkar kvarande mykje i val av Vidaregåande skule..

- Mange vert nok påverka i valet av kva vennekretsen vel å gjera, difor er informative initiativ som dette flott for elevane.

- Gjer som du sjølv vil

Ikkje alle vart overtydd om at elektrolinja nødvendigvis er rette vegen å gå. Amalie og Esther frå Balestrand går i niande klasse, men ser allereie no ut til å ha bestemt seg for å gå på breiddeidrett på Sygna. Likevel meiner dei å ha fått noko ut av dagen.

- Ein har jo lært mykje, blant anna om Sognekraft. Me har jo logoen på ryggen på fotballdrakta, så det er kjekt å kunne forstå litt meir, seier Esther.

Og så var det moro å gå rundt her og sjå på utstillinga. Pizzaservering som me fekk i i dag er også alltid stas, sper Amalie på.

Niandeklassingane Esther (t.v) og Amalie frå Balestrand var blant fleire elevar i storslag onsdag.

- For dei som ikkje har bestemt seg for kva dei skal velje på VGS, kva trur de er viktig å ta omsyn til?

- Det viktigaste er å gjera noko som ein likar å gjera, og ikkje berre noko ein gjer fordi vennane gjer det. Gjer det du sjølv vil, kjem det frå dei to.


Forrige
Forrige

Røykvarslaren – di viktigaste livsforsikring

Neste
Neste

Gamle linjer vert rivne frå fjellsida: - Litt av eit arbeid