Etiske retningslinjer for leverandørar

Montør tittar oppover bratt fjell

Gjennom vårt daglege arbeid og samspel med leverandørar og forretningspartnarar, har me sett verdien av å nytta klare etiske retningslinjer som dannar grunnlaget for eit godt og berekraftig samarbeid. Sygnir har generelt forplikta seg til å etterleva FN sine rettleiande prinsipp for næringsliv og menneskerettar og OECD sine retningslinjer for fleirnasjonale selskap på dette området.

I dei etiske retningslinjene stiller me mellom anna krav retta mot berekraftig drift, respekt for menneskerettar, ærleg konkurranse, korrupsjonsfri forretning og gjensidig ansvar og openheit.

Retningslinjene våre er ikkje berre eit sett med reglar, men eit løfte om samarbeid basert på tillit, respekt og ansvar. Dei skal leggje grunnlaget for ein gjensidig forståing av kva me forventar av våre leverandørar og kva dei kan forvente av oss. Sognekraft krev av sine leverandørar og forretningspartnarar at dei opptrer i samsvar med desse etiske retningslinjene, på same måte som dei kan forvente dette av Sognekraft. Sognekraft ser fram til eit samarbeid som ikkje berre fremjar forretningsmål, men som også bidreg til ein positiv innverknad på omverda. Saman kan me bygge ei betre og meir rettferdig framtid. Takk for at de deler vår visjon og vårt engasjement for eit ansvarleg næringsliv.

Klikk på denne lenka for å lese Sygnir sine vedtekne etiske retningslinjer for leverandørar.


Forrige
Forrige

Gamle linjer vert rivne frå fjellsida: - Litt av eit arbeid

Neste
Neste

Tøffe tak i Lærdal og Aurland