Røykvarslaren – di viktigaste livsforsikring

Plakat, røykvarslerdagen.

Måndag 1. desember er røykvarslerdagen - eit samarbeid mellom Brannvernforeininga, DSB, DLE, brannvesenet og Gjensidige.

Alle kan bli betre til å tenkja branntryggleik, og tidleg varsling av brann redder liv. Difor er det viktig at alle røykvarslarar vert testa og sjekka.

Med ein standard røykvarslar så anbefalast det å bytta batteri minst éin gong i året. Gjer det til en vane å bytte dei på Røykvarslerdagen 1. desember!

I samband med røykvarslerdagen vert det gjennomført ein nasjonal kampanje for å få folk til å sjekka:

  • At røykvarslarane fungerer.

  • Om batteria må bytast.

  • Om nokre røykvarslarar må skiftast ut fordi dei er for gamle (8–10 år).

  • At alarmen frå røykvarslaren kan høyrast godt i alle opphaldsrom.

Møt opp for gode råd

Kampanjen for Røykvarslarens dag 2025 blir gjennomført 1. desember.

I samband med kampanjen vil det bli arrangert stands på følgjande stader:

  • Amfi Sogningen: Sogn brann og redning, DLE (Det Lokale Eltilsyn, Sygnir) og Gjensidige kl. 11:00–13:00.

  • Saften Leikanger: Sogn brann og redning, kl. 11:00–12:45.

  • Coop Prix Balestrand: Sogn brann og redning, kl. 10:00–11:45.

  • Vikjatunet Vik: Sogn brann og redning og DLE (Sygnir). Kl. 10:00–11:45.

  • Pyramiden Gaupne: Sogn brann og redning og DLE (Breheim Nett). Kl. 11:00–12:30.

  • Coop Extra Lærdal: Lærdal brann og redning og DLE (Sygnir). Kl 11:00 - 14:00


Les meir og finn nyttig informasjon for å betre branntryggleiken på Roykvarslerdagen.no og Sikkerhverdag.no  

Me ser fram til å treffa deg!


Forrige
Forrige

Sygnir-beredskap gjennom jula

Neste
Neste

Slik jobbar Sygnir med skogrydding langs linjene