Beredskap i Sygnir – trygg straumforsyning for framtida

Sygnir har høg beredskap for å sikre ei stabil og trygg straumforsyning til kundane våre – uansett vær og årstid. Leveringssikkerheita vår ligg på heile 99,98 %, takka vera målretta tiltak dei siste åra.

Sygnir jobbar kvar dag for å sikra trygg straumforsyning

Me har utvida og rydda kraftgatene for å redusere risikoen for straumbrot ved uvær og trefall. Samstundes har me investert i ein ny og meir robust driftssentral som gir oss betre oversikt og raskare handtering ved eventuelle feil.

For å minimere konsekvensane ved straumbrot, jobbar me stadig med utbetring og å installera fleire brytarar i nettet vårt. Dette gjer det mogleg å avgrense utfall til mindre område og få folk raskare på igjen.

Med bemanning spreidd geografisk og høg lokalkunnskap blant dei tilsette, er me godt rusta til å rykke ut effektivt og målretta – også når vegen er lang eller værforholda krevjande.

Me oppmodar også kundane våre til å ha litt eigenberedskap i heimen. Nokre timar utan straum kan gå fint om ein har batterilamper, varmekjelder og litt vatn og mat i hus.

I Sygnir jobbar me kvar dag for å gjere straumforsyninga så trygg og robust som mogleg – for både kvardagar og krisetider.


Neste
Neste

Smarte grep for nettleiga