Difor må du ikkje slå av hovudsikringa på hytta

Vurderer du å skru av straumen når du reiser heim frå hytta etter haustferien? Då er det viktig å passe på korleis du gjer det.

Bilete av driftsingeniør Terje Anton Gudmundsson

Driftsingeniør Terje Anton Gudmundsson visar korleis du unngår å få stipulert forbruk for nettleige og straum.

 – Dersom ein ønskjer ein rask effekt på straumrekninga, er det viktig å skru straumen av på rett vis, seier driftsingeniør Terje Anton Gudmundsson.

Kvar haust og vinter vel mange hytteeigarar å skru av hovudsikringa på hytta eller ved fritidshus, for å spare pengar når dei reiser ifrå den. Dette er ikkje mindre aktuelt denne hausten, med høgare kraftprisar enn nordmenn historisk sett har vore vande med.

Det mange ikkje veit er at ved å ta hovudsikringa, kan dette gje utfordringar for nettselskapa.

Mistar signal

- Problemet er at ein mister signalet med den automatiske straummålaren (AMS). Det er den som kommuniserer kor mykje straum ein brukar, men også kor mykje straum det er forventa å bruke.

Utan signal vil kunden få faktura for eit stipulert forbruk for nettleige og straum. Med andre ord: Signala som fortel at det ikkje vert nytta straum på hytta, vil ikkje nå fram før målaren kjem på att og det er først då faktura vil bli korrigert.

Gudmundsson nemner ein viktig årsak til for at du bør tenkje deg om to gonger med å ta sikringa:

– Når den vert slått av så tikkar signaler inn til oss om at hytta har fått eit straumbrot. Utan beskjed om årsak vil me då potensielt måtte bruke mykje ressursar på å finne ut årsaka til det. Det vil jo på sikt kunne gå ut over kundane sjølv, fordi det kan vere med på å generere høgare nettleige grunna høgare driftskostnader.

Løysinga klar

Likevel er det ikkje grunn til å deppe, dersom du vil ta straumen. Løysinga er nemleg truleg enklare enn du trur. Den finn du på straummålaren.

Bilete av ein automatisk straummålar (AMS)

Brytar på høgre side stengjer straumen utan å ta vekk signal.

På ein målar av typen Kaifa, som Sygnir tradisjonelt har brukt, er det ein brytar på høgre side. Dersom du trykkjer ein gong først og ein gong til medan du held knappen inne, så stengjer du av straumen utan å ta vekk signal.

– Skal straumen på at så er det berre å halde den inne igjen, seier Gudmundsson som legg til at det kan vere noko variasjon i korleis målaren går av og på med tanke på kva type målar det er.

Aidon-målaren som vert nytta i Lærdal og Aurlandsområdet treng ein berre å halde inne eit sekund, når funksjonen er aktivert, så det er fort gjort.


Forrige
Forrige

Sygnir sin framtidsretta satsing lokka Vegard tilbake: - Spanande å vere her

Neste
Neste

Opne HAN-port