No kan du melde frå om feil på nettet

Me ønskjer di hjelp til å respondere så raskt som mogleg!

Dømebilete av kabelskap som er øydelagt

Ikkje alt av utstyr fungerar som det skal på straumnettet vårt til ein kvar tid. Ser du noko som er øydelagt, eller har du anna informasjon som kan vere relevant, så kan du no melde ifrå på våre nettsider.

Nyleg vart det oppretta eit eige straumkart på Sygnir.no der ein kan følgja med på ulike utkoplingar i straumnettet. Dette har vore eit godt nytta system hjå mange, og samstundes har det vore tidssparande for våre tilsette som skal respondere så raskt som råd ved eventuelle utfall.

No har me ei ny teneste der du som publikum potensielt kan hjelpa oss å auka effektiviteten endå meir. Inne på våre nettsider kan du no nemleg melde frå sjølv dersom du ser noko som kan vere relevant for oss å vita.

Dette kan til dømes vera om du ser påkøyrte kabelselskap, eit tre som har falt over ei linje eller liknande.

Her skriv ein inn kontaktinfo og detaljar kring aktuell melding som tid, stad og det ein vil melde frå om.

Du kan melde frå ved å gå inn på denne lenka.

På førehand; takk for at du er med på å hjelpe oss til å yta ei så god og effektiv teneste som mogleg!


Forrige
Forrige

- Eit anlegg for framtida

Neste
Neste

Elisabeth gjekk frå trainee til leiarstilling: - Anbefaler på det sterkaste å søka