Då Thea tok fagprøven vart ho historisk

No er ho den første kvinnelege montøren med fast stilling i Sognekraftkonsernet, nokosinne.

Thea klatrar i stolpe

Thea Flesland Gjerstad har dei siste vekene jobba med fagprøven hjå Sygnir. Denne veka fekk ho beskjed om at ho hadde bestått.

- Det einaste eg hadde lyst til var å bli energimontør. Det er kult å vere først, eg skal innrømme det. Samstundes er det bra at det går rette vegen, seier Thea Flesland Gjerstad.

 Etter to år som lærling har Thea no både bestått fagprøven og sikra seg fast jobb som energimontør for Sygnir. Med det er ho den første fast tilsette kvinnelege montøren nokosinne i Sognekraft-konsernet.

 - Dette er på høg tid. No håpar me på ein dominoeffekt, seier konsernsjef i Sognekraft Terje Bakke Nævdal.  

Presentasjon på vgs.

20-åringen frå Osterøy fortel at det var gjennom ein presentasjon frå BKK, då ho gjekk på vidaregåande skule, at ho fekk augo opp for yrket.

 - Eg fekk eit veldig godt inntrykk av jobben. Det å få vere ute kvar dag og bruke kroppen til fysisk hardt arbeid var noko som lokka meg. Det verka veldig kjekt.

 Thea sette i gong med søknadane. Etter kvart fekk ho napp her i Sogn, og ho byrja som lærling seinsommaren 2020. Sidan har ho ikkje sett seg tilbake, sjølv om nokre dagar er litt tyngre enn andre, vêr messig.

Å få jobbe fysisk ute i flott natur vart til dels avgjerande for at Thea ønskte å søkje seg inn som montørlærling hjå Sygnir.

- Sjølv om det kan vere dårleg vêr i blant så har me jo mange fine dagar, og for meg gjer det at det er verdt det.

- Det er også dagar med fysisk tungt arbeid, men eg likar å seie at det er god motivasjon å tenkje at det er som å trene, berre at du får betalt for det.

Tysdag 13.desember kunne Thea strekke henda høgt til vêrs og juble over å ha gjennomført fagprøven hjå Sygnir. Med det har ho no sikra seg fast jobb, som den første kvinnelege montøren i Sognekraftkonsernet.

- Det har vore spanande å halde på med fagprøven. Å få krone det heile med bestått og fast jobb kjenst bra, seier ho.

Ein veg å gå

Seksjonsleiar for montørane Daniel Meisterplass har følgt løpet til Thea tett dei siste to åra. Han er svært nøgd med å ha den no historiske ungjenta med på laget, på permanent basis.

- Ho er ei positiv jente som tek dei fleste utfordringar på strak arm, slik som alle andre. At ho er den første kvinnelege montøren i fast stilling hjå oss er sjølvsagt positivt, med tanke på retninga me ser det no går. Samstundes er det litt trist også.

Montørane jobbar ofte godt oppe i høgda. Heldigvis er trygg og god sikring ein viktig prioritet.

- Kvifor det?

- Fordi det er ingen grunn til at det skal halde fram med å vere så mannsdominert som det historisk har vore i dette yrket no. Nokre tenkjer kanskje at det fysiske kan vere ei hindring, men ein har så gode hjelpemiddel no til å gjennomføre arbeidet uansett, så i praksis spelar det liten rolle kva skjønn ein har, eller kor stor og sterk ein er.

Synleggjering

Det er ikkje berre hjå energimontørar ein historisk sett har opplevd ein skeiv kjønnsfordeling i kraftbransjen. I 2019 vart organisasjonsgruppa «Kraftkvinnene» oppretta. Nestleiar Solgun Furnes seier dette er eit tiltak som er meint å gje eit løft til heile næringa, ikkje berre kvinner.

- Me tenkjer at ved å få fram kvinnene som jobbar i næringa så veks heile bransjen i sin heilskap på det også. Kraftkvinnene skal vere med å forme og løfte fornybarnæringa.

Tal frå Utdanningsdirektoratet syner ein gradvis vekst for kvinnelege søkjarar innan energimontørfaget dei siste åra (Lærekontrakter – utdanningsprogram, udir.no). Men framleis er over 90 prosent av søkjarar menn. Furnes påpeiker at det framleis er ein veg å gå før ein ser at næringa er i kjønnsbalanse. Difor er det viktig med gode ambassadørar.

- Ein må synleggjere kor stas det er å jobbe der ein er. Det trur eg er ein viktig faktor.

Portrettfoto av Thea i garderoben til montørane

Thea fekk draumejobben. No er ho permanent tilsett hjå Sygnir.


Forrige
Forrige

Bjørn Carlsen er ny konserndirektør nett for Sygnir

Neste
Neste

Stian gir seg etter snart sju år i sjefsstolen