Bjørn Carlsen er ny konserndirektør nett for Sygnir

 Carlsen starta i jobben 1. mai.

Bjørn Carlsen på fjelltur, selfie

Bjørn Carlsen har tatt over stillinga som konserndirektør nett, etter Stian Frøiland.

- Dette blir veldig spanande. Eg håpar og trur det blir ei bra reise saman og at me kan utvikla Sygnir vidare i riktig retning, seier Bjørn Carlsen.

Han kjem til nettselskapet etter åtte år med ulike leiarroller for kraftselskapet Nordkraft - dei siste åra som Head of Powered Land.

Greip sjansen

Bjørn fortel at han i utgangspunktet ikkje var på jakt etter nokon ny jobb. Då han kom over ein artikkel i Sogn Avis på tampen av fjoråret, om at Stian Friøland skulle gje seg etter nesten sju år i jobben, byrja tankane derimot å spinne raskt.

-  Sånn sett var det litt tilfeldig at eg vart merksam på det, men når eg først såg det så var det mange brikker som falt på plass. Eg kom fram til at det verka som ein spanande jobb og ein spanande moglegheit for meg, seier Bjørn og legg til at han frå før hadde høyrt mykje bra om både Sygnir og for den saks skuld Sognekraft, frå innsida av konsernet og bransjen.

Det er gode ord frå ein mann med brei erfaring.

Før Nordkraft jobba han i seks år i Pareto Securities inn mot kraft- og fornybarsektoren, mellom anna med tilrettelegging av transaksjonar, rådgiving, kapitalinnhenting og analysearbeid. Med erfaringane frå Pareto og Nordkraft i bagasjen var det med andre ord ein budd mann som sende av garde jobbsøknad til Sygnir, då han først hadde bestemt seg. 

Carlsen på veg opp ein snøtung fjellskråning

Ved sidan av kraftbransjen er den store lidenskapen til Bjørn å vere ute i naturen.

Sa opp jobben for å flytte til Sogn

Bjørn har dei siste åtte åra hatt arbeidsstad på Fosshaugane Campus og slapp å reisa langt for å byta kontor.

Tidlegare arbeidsgjevar Nordkraft derimot held til eit stykke unna, nærare bestemt Narvik. Så korleis kan det då ha seg at han då har jobba i frå Sogndal?

Bjørn fortel om det han omtalar som eit verdival han og kona tok tilbake i 2014, då han gav seg i Pareto.

- Me er veldig glade i å bu nær fjellet og naturen. I staden for å bruke timevis kvar fredag og søndag på å kome dit me ønskte å vere, så bestemte me oss for å flytte. Me definerte mål der me tenkte at me ville bu.

To stader utmerka seg: Narvik og Sogn – med sistnemnde på toppen av trona, då partnaren fekk jobbtilbod i Sogn.

Bjørn angrar ikkje på valet om å flytte til Sogn. No ventar nye og spanande arbeidsoppgåver i Sygnir.

- Eg hadde eigentleg takka nei til eit tilbod frå Nordkraft, men så kom dei tilbake og tilbydde kontor i Sogndal og leilegheit i Narvik. Då løyste det seg bra.

- Me trivst veldig godt i Sogn og har ikkje angra eit sekund på at me valde å flytte hit, legg han til.

Utmerka seg

Konsernsjef i Sognekraft, Terje Bakke Nævdal, er svært nøgd med å ha sikra seg 41-åringen frå Haugesund som ein del av laget.

- Han var ein kandidat som verkeleg utmerka seg. CV-en til Bjørn talar for seg sjølv, men me trur ikkje minst at han har ambisjonane og dei rette personlege eigenskapane til å føre selskapet vidare.


Forrige
Forrige

Elisabeth er konstituert som konserndirektør nett i Sygnir

Neste
Neste

Då Thea tok fagprøven vart ho historisk