Stian gir seg etter snart sju år i sjefsstolen

No ventar nye spanande oppgåver i Sveits.

Sygnir-sjef Stian Frøiland har gitt beskjed til styret om at han ønskjer seg nye utfordringar. På nyåret flyttar han til Sveits.

- Eg tykkjer me har fått til mykje. Då eg kom inn så var det veldig vanskeleg å rekruttere erfarne ingeniørar hit, men me har klart å byggje opp eit ungt, dynamisk og kompetent ingeniør-miljø som Sygnir kan vere stolt av. Det gjev eit godt grunnlag for vidare utvikling, seier Stian Frøiland.

Snart sju år etter at han kom inn i Sognekraftkonsernet har Sygnir-sjefen no gitt beskjed om at han søkjer nye utfordringar – nærare bestemt i retning Sveits.

Nærare dottera

Der ventar nemleg ein dagleg leiarstilling i selskapet Loolo AG, som han grunnla for eit år sidan. Selskapet har som formål å investere i solkraft med eigne og framande midlar.

- Eg har alltid drøymt om å starte mitt eige selskap.

- No har eg skapt ei verksemd, som bidreg proaktivt i klimakampen, aukar  forsyningssikkerheita og bidreg aktivt til samfunns- og infrastrukturutvikling for folk i afrikanske land som verkeleg treng det. Det gjer meg personleg stor motivasjon med meiningsfylt arbeidsinnhald framover. 

Dermed flyttar Stian tilbake til landet han jobba 12 år i, før Sognekraft/Sygnir-eventyret starta. Stian fortel at han både har eit stort nettverk der nede, men eit ekstra pluss er det nok å kome nærare dottera som bur i det vesle alpelandet midt i Europa.

Stian gler seg til å flytte nærare dottera i Sveits. I tillegg har han eit stort nettverk der, etter å tidlegare ha jobba i landet i 12 år.

- Det skal bli fint. Samstundes er det viktig å seie at eg føler det er litt trist å forlate Sygnir. Eg er veldig glad for samarbeidet me har hatt og for moglegheitene eg har fått i konsernet. Eg vil sjå tilbake på det med stor glede.

Jobbar med å få på plass erstattar

Konsernsjef i Sognekraft, Terje Bakke Nævdal, gjev skryt til Stian for jobben han har gjort.

- Stian har gjort eit flott arbeid i rolla som nettsjef og konserndirektør. Stian er svært engasjert og dedikert i sine oppgåver. Eg vil takka han for den iherdige innsatsen han har lagt ned for å utvikle selskapet. Det er ingen tvil om at han vert sakna. Eg har likevel forståing for at Stian no ynskjer å fokusere på andre interessante oppgåver, der han kan vere grundar for eigen risiko og vinning. Vi ynskjer han lukke til med nye, spanande oppgåver!

Målet er å få på plass ein kvalifisert erstattar så raskt som råd. 

- Me ønskjer naturlegvis progresjon og framdrift når det gjeld å få nokon på plass i denne stillinga fort. Det er viktig, ikkje minst fordi me er i ein sluttprosess med fusjon, seier Nævdal.

Stillinga er no lyst ut, mellom anna på Finn.no. Søknadsfrist 12. desember.

Er du nysgjerrig, eller ønskjer du meir informasjon om stillinga? Ta kontakt med konsernsjef Terje Bakke Nævdal tlf. 911 81 056, eller visekonsernsjef Berit Larsen tlf. 950 48 091.


Forrige
Forrige

Då Thea tok fagprøven vart ho historisk

Neste
Neste

Røykvarslaren – di viktigaste livsforsikring