Nettleiga vert redusert med 15 prosent

Ordninga gjeld frå og med 1. mars.

Stian Frøiland ved kontor

Stian Frøiland kan dele gode nyheiter til Sygnir sine kundar etter årets første styremøte.

- Me er glade for at me no er i denne posisjonen. Dette kjem definitivt kundane til gode, seier konserndirektør nett i Sygnir, Stian Frøiland.


Sygnir reduserer no nettleigeprisane med 15 prosent for privat og næring. Vedtaket kjem etter at det i årsrekneskapen for 2022 vart klart at selskapet enda med meirinntekter, som følgje av økonomiske tildelingar frå Statnett.

- Målet er alltid å gje best mogleg rammevilkår for våre kundar. Ny prismodell frå 2022 har gjeve oss verdifull kunnskap. No har vi oversikt og kan redusere nettleiga, seier Frøiland som gledeleg kunne konstatere prisendringane etter årets første styremøte i Sygnir, 2. februar.

Tap på 70 millionar

Oppgang i kraftprisar førte for Sygnir til ei auke i nettap på over 70 millionar kroner i 2022, samanlikna med 2020. Kostnadane for nettap resulterte mellom anna i at prisnivået på nettleiga i juli i fjor måtte opp, for å vere i tråd med NVE/RME sitt inntektsrammeverk.

 I haust vart Statnett pålagt av regjeringa å dele ut delar av deira flaskehalsinntekter for 2022, i kompensasjon for auka nettleige. Dette gjev no positive ringverknader for kundane til Sygnir.

- Tildelingane gjer at vi kan skru ned prisane. Me er veldig glade for å vere i ein posisjon der me kan gjere dette.

Ser etter forbetringar

I tillegg til redusert nettleige vert det også no jobba med å sjå nærare på Sygnir sin prismodell for kapasitetsberekning, der pris per no vert vurdert utifrå timen i månaden kunden har høgast forbruk. Modellen, som tek sikte på å fremje eit jamnare straumforbruk hjå kundar, vart innført 1. januar 2022.

- No har me hatt denne modellen i ein periode. Basert på erfaringar og ny kunnskap er det naturleg at me går gjennom den for å sjå nærare på kva som eventuelt kan forbetrast.

Ei av endringane som på sikt vil verte gjennomført er å flytte månadleg maksberekning frå den høgaste toppen, til gjennomsnitt av dei tre høgste forbrukstoppane.

- Me ønskjer ein nettleigemodell som skal påverke forbruksvanar og dermed bidrar til lågare nettleige på sikt, avsluttar han.


Forrige
Forrige

Reduksjon i nettleiga frå 01.03.2023

Neste
Neste

Elisabeth er konstituert som konserndirektør nett i Sygnir