Elisabeth er konstituert som konserndirektør nett i Sygnir

30-åringen har ansvaret i mars og april fram til Bjørn Carlsen tek over.

Portrettfoto av Elisabeth Stokkenes

Elisabeth Stokkenes har takka ja til å vere konserndirektør nett for Sygnir i mars og april.

- Det er veldig stas å bli spurt, seier Elisabeth Stokkenes.

I desember i fjor vart det kjent at Bjørn Carlsen har takka ja til å verte ny konserndirektør nett for Sygnir, som erstattar for Stian Frøiland som gav seg i februar. Carlsen tek til i jobben ved månadsskiftet april/mai.

I mellomtida har Stokkenes vald å takke ja til å styre skuta. Ho er den første kvinnelege konserndirektør nett hjå Sygnir, sjølv om det rett nok er på lånt tid.

- Eg tenkjer det er ein fin måte å få innsikt i ein større del av aktiviteten til Sygnir, seier ho sjølv.

- Ein kjempegod kandidat

Stokkenes jobbar til dagleg som avdelingsleiar for regionalnett i Sygnir. At ho no får utvida leiarerfaring ser ho på som spanande for vidare utvikling.

- Klart det er spanande. Samstundes er det mykje å setje seg inn i også. Forhåpentlegvis kan eg vere med å bidra med å halde i trådane fram til Carlsen er på plass.

 Elisabeth vart hausten 2022 nominert i kategorien Årets Kraftkvinne 2022, ein pris som nyleg vart oppretta for å setje ekstra søkjelys på kvinner i kraftbransjen som utmerkjer seg på sin arbeidsplass.

Stian Frøiland har mange lovord å kome med om den mellombelse erstattaren.

 - Ho er ein kjempegod kandidat på alle moglege måtar. Ho er veldig flink til å koordinere, til å kommunisere og så har ho vist eit stort læringspotensial ved alle steg ho har tatt til no i konsernet, seier han.

- Har imponert

Konsernsjef Terje Bakke Nævdal er tydeleg på at det er kompetanse, ikkje kjønn, som var avgjerande for at ho vart spurt. Han gler seg over å ha Stokkenes med i leiarteamet, sjølv om det berre er for ei kort stund.

- Elisabeth har imponert stort i dei åra ho har vore her og vart eit naturleg val ved ei slik konstituering. Eg kjenner meg trygg på at ho vil gjere ein flott jobb i perioden ho er konstituert, seier han. 


Forrige
Forrige

Nettleiga vert redusert med 15 prosent

Neste
Neste

Bjørn Carlsen er ny konserndirektør nett for Sygnir