Reduksjon i nettleiga frå 01.03.2023

To montørar i stolpe

Frå 01.03.2023 reduserar Sygnir nettleigeprisane med 15 prosent for kapasitetstariffane privat og næring. Samstundes endrar Sygnir kapasitetsleddet frå ein månadsmaks til snittet av dei tre høgste månadsmaksane.

Nettselskapa si inntektsråme vert regulert av NVE/RME og er grunnlag for nettleiga til Sygnir.

Oppgang i kraftprisane førte til at Sygnir fekk ei auke i nettap på over 70 millionar kroner i 2022, samanlikna med 2020. Kostnadane for nettap resulterte mellom anna i at prisnivået på nettleiga i juli i fjor måtte opp, for å vere i tråd med inntektsråma frå NVE/RME. 

Hausten 2022 vart Statnett pålagt av regjeringa å dele ut delar av deira flaskehalsinntekter for heile året til nettselskapa, i kompensasjon for auka nettleige. Dessse tildelingane gjer at me no kan redusere prisane med 15 prosent.


Forrige
Forrige

Elisabeth gjekk frå trainee til leiarstilling: - Anbefaler på det sterkaste å søka 

Neste
Neste

Nettleiga vert redusert med 15 prosent