Elisabeth gjekk frå trainee til leiarstilling: - Anbefaler på det sterkaste å søka 

Elisabeth Stokkenes på kontoret

Karrierevegen skaut fart etter at Elisabeth Stokkenes tok del i traineeprogrammet til Framtidsfylket i 2016.

- Hadde eg ikkje søkt, så hadde eg ikkje vore der eg er i dag, seier Elisabeth Stokkenes.  

31-åringen frå Luster jobbar som avdelingsleiar for regionalnett og var i 2023 inne som konstituert direktør nett for Sygnir i eit par månader. Sjølv tok ho sine første steg i Sognekraftkonsernet i 2016, innan elkraft og prosjektleiing i Framtidsfylket sitt trainee-program.

I samarbeid med Framtidsfylket søker Sygnir no trainee innan nettutvikling eller digitalisering.  Klikk her for å søke.

Ein god arbeidsplass

Målet med trainee-programmet er å gje nyutdanna ein unik start på karrieren blant attraktive arbeidsgjevarar i fylket.  


- Når du kjem rett frå utdanning så jaktar du din første jobb der du får nytta utdanninga di i ein interessant jobb.  Når det dukka opp ein relevant stilling i ein spanande bransje så var det ikkje mykje å lura på for min del, seier Elisabeth.  
 

Portrett Elisabeth ute

Elisabeth har verkeleg synt kva ho er god for sidan ho kom inn i Sognekraft-konsernet i 2016. I mars og april er ho konstituert konserndirektør nett i Sygnir.

Gjennom programmet til Framtidsfylket fekk ho moglegheit til å utveksle erfaringar med andre som var i same situasjon, på tvers av ulike bransjar, noko ho omtalar som gjevande. Og det skulle ikkje ta lang tid før Elisabeth fann seg til rette i det som skulle ende opp med å bli hennar arbeidsplass på fast basis.
 

- Eg forstod fort at eg hadde komme til ein god arbeidsplass. Eg fekk raskt tildelt ansvar med ulike prosjekt å jobbe med. Når det ordna seg med fast stilling heldt eg fram med ein del av oppgåvene eg hadde hatt som trainee.  

- Har imponert

Når det no er lyst ut ei ny traineestilling så er ho i alle fall ikkje i tvil med sine råd:

- Det er berre å hoppa i det. Eg anbefaler på det sterkaste å søka. Erfaringa mi tilseier at om ein først har fått sjansen her, så vil dei aller fleste nytte seg av den.  


Forrige
Forrige

No kan du melde frå om feil på nettet

Neste
Neste

Reduksjon i nettleiga frå 01.03.2023