Du får kompensasjon for høge straumprisar

Regjeringa har innført ei kompensasjonsordning for dei høge straumprisane kundar no opplever. Denne ordninga gjeld i første omgang til og med mars 2023. I denne perioden vil du få delar av dine straumutgifter betalt tilbake gjennom nettleiga.

Kunden får tilbake ein andel av kostnadene over 70 øre per kWt + mva. Denne andelen er sett til 80 % (merk at at den er sett til 90 % frå september - desember 2022). Dette beløpet vil bli trekt i frå den månadlege rekninga for nettleige. Dersom summen overstiger den månedlige nettleigen, blir beløpet utbetalt til kunde sin bankkonto eller trekt frå straumrekninga.

Støtta vil gjelde alle husholdningskundar (ikkje hytter og fritidshus).

Taket for kompensjasjon er 5000 kWt per månad, forbruk over dette blir ikkje kompensert.

Les meir om kompensasjonsordninga og støttesatsar hjå NVE.

Forrige
Forrige

Sygnir innfører ny nettleigemodell frå 1. januar 2022