Sygnir innfører ny nettleigemodell frå 1. januar 2022

Stortinget har bestemt at alle straumkundar i Noreg får ny nettleige, med verknad frå 1. januar 2022. Målet er å kutta forbruket vårt og utnytta kapasiteten i straumnettet betre. Her kan du sjå kva dette vil ha å seia for deg:

Tidlegare var det berre tal kilowattimar som påverka nettleiga di. No får du større mogelegheit til å påverka rekninga sjølv. Frå 2022 vil nettleiga for privat og næringskundar bestå av to delar:

Nettleige = kapasitetsledd + energiledd

  • Kapasitetsleddet – eit beløp per månad etter kor mykje straum du brukar samtidig (per time)

  • Energileddet – kostnad som følgje av kor mykje straum du brukar totalt per månad (tal kilowattimar)

Kapasitetsleddet vert berekna basert på den timen du brukte mest straum samtidig i den føregåande månaden, ein såkalla månadsmaks. Dersom du jamnar ut straumforbruket ditt gjennom døgnet, får du eit lågare kapasitetsledd enn om du brukar mykje straum på éin gong i ein time. For eksempel vil det ikkje løna seg å vaska klede, laga middag og lada elbil samtidig. Elbilen kan du med fordel lada med godkjend heimeladar om natta.

Halve nettleiga er offentlege avgifter og fordelinga av nettleiga er om lag slik:

Nettleiga dekker følgjande kostnadar knytt til:

  • utbygging, drift og vedlikehald av straumnettet til Sygnir,

  • utbygging, drift og vedlikehald av Statnett sitt nett, basert på kor mykje kraft Sygnir sine kundar får levert via dette nettet og

  • transport av straum i både Sygnir og Statnett sine straumnett.

Avgiftene til staten utgjer ein monaleg del av nettleiga og består av:

  • Lovpålagt innbetaling til det statlege energifondet (Enova) på 1,00 øre/kWh. Enova er etablert av staten for å fremje miljøvennleg omlegging av energibruk og energiproduksjon i Noreg.

  • Forbruksavgift på elektrisk kraft på 15,41 øre/kWh ( Sygnir krev inn avgifta på vegne av staten.

  • Meirverdiavgift på 25 prosent til staten.

For tips og råd, les meir om nettleiga her https://www.energinorge.no/nynettleie/

Nettleige privatkundar ( hushald, hytter)

Nettleige næringskundar (verksemder, offentleg kontor m.m.)

Byggestraum (Tariff OBYK )

  • Fastledd kr/år 3 644,-

  • Leige av byggeskåp per månad kr 500,- frå og med første leigemånad til og med 24. leigemånad

  • Leige av byggeskåp per månad kr 900,- frå og med 25. leigemånad

  • Energiledd øre/kWh 51,49

  • Til og frå kopling kr 5600,-

  • Fakturering a-konto kvart kvartal

Alle prisar er inkludert avgifter med 15,41 øre/kWh i forbruksavgift, 1 øre/kWh i avgift til energifondet og 25% meirverdiavgift (med atterhald om endringar). Fakturering 12 gonger i året.

 

Tariff OKM Uprioritert kraft (kjelkraft) med høve til momentan utkopling (utan varslingstid)

  • Fastledd kr/år 4 982,-

  • Energiledd øre/kWh 13,6

Alle prisar er eksklusiv 15,41 øre/kWh i forbruksavgift, 800 kr per år i avgift til energifondet og 25% meirverdiavgift (med atterhald om endringar). Fakturering 12 gonger i året.

Påkopling av straum på tidlegare stengt anlegg vert fakturert med kr 3125,- inkludert meirverdiavgift.

Forbruksavgift

Sygnir AS har ansvaret for å krevje inn forbruksavgift for elektrisk kraft (elavgift) på vegne av Toll- og avgiftsdirektoratet.

 

Halve nettleiga er offentlege avgifter.

Forrige
Forrige

Opne HAN-port

Neste
Neste

Du får kompensasjon for høge straumprisar