Spenningssetting i Feios

Montør i stolpe i Feios

Sindre Espeland Aase er blant montørane i Sygnir som har bidrege sterkt til at ein ny 2 km lang høgspentkabel raskt har kommen på plass i Feios. 

- Det er kjekt å få vera med på prosjekt der ein bidreg til å skapa meirverdi i lokalsamfunnet, seier energimontør Sindre Espeland Aase i Sygnir.

I samband med bygging av Feios Kraftverk har det vore behov for å tilføra ein ny kabel for høgspentforsyning. Ein ny 22Kv-kabel på nesten 2 kilometer vart sett i drift tysdag 5. september.

Omsyn til busetnadar

Arbeidet har tatt ca. eit halvt år. Prosjektleiar Stian Skåsheim gjev skryt til dei involverte i prosjektet som har stått på med god innsats.

To smilande Montørar Feios

Sindre (t.v.) og prosjektmontør Per Arne Refsdal har fått oppleve godt og mindre godt vêr undervegs i prosjektet. På dagar som denne er det ikkje rart at smilet sit laust.

- Innsatsen har vore upåklageleg. Me har hatt ein god miks av dyktige og erfarne montørar inne, og så har me også med oss ivrige lærlingar og sommarvikarar som har hjelpt godt til, seier han og legg til at dei fleste på montørbasen i Vik har vore med på prosjektet. 


Stian fortel at noko av utfordringa i startfasen var å finne ein trasé som var akseptabel for Sygnir, grunneigarar og fylkeskommunen. Kabelen er i lufta, og difor måtte omsyn takast til dømes til busetnadar.

Montør i stolpe

Utsikta er ikkje noko å klaga på frå toppen av stolpen.

- Det enda opp i ein heilt ny trasé. Me har måtta rydda vekk litt skog, men no er me bak eventuelle bygg. To kilometer med hengekabel gjev nok arbeid, men det har gått heilt fint, seier han.

Arbeid held fram

Sjølv om kabelen no er spenningssett er ikkje montørane ferdige med arbeidet i Feios. Det har nett så vidt begynt:

Sygnir trafostasjon ved håastrandi.

Sygnir yter ei viktig teneste med drift og tilførsel av straum ved Håastrondi i Feios

- Me skal etablere nye nettstasjonar, også i samband med tunneldriving, og så skal me etablere byggestraum i Åfetdalen og i Haugasetdalen, seier Stian.

- Me vert med andre ord ikkje arbeidslause med det første.


Forrige
Forrige

Tøffe tak i Lærdal og Aurland

Neste
Neste

Vil du rusta Sogn for framtida?