Dette er Noregspris

 

Noregspris er ei ny, statleg ordning, som gir deg ein føreseieleg straumpris gjennom året. Den er frivillig og gjeld frå 1. oktober 2025. Ordninga gir ein fast straumpris på 50 øre (inkl. moms) for straumforbruk i bustader, sameige og fritidsbustader. 

Noregspris er ei statstøtteordning og eit alternativ til dagens straumstøtteordning. Dersom du ikkje bestiller Noregspris, vil du framleis halda fram med å motta straumstøtte.

Slik fungerar Norgespris 

  • Fast straumpris heile året på 50 øre per kWh med mva (40 øre utan mva) for straumforbruk heime og på hytta.   

  • Bindingstid frå du bestiller og fram til 31. desember 2026.   

  • Har eit forbrukstak på 5 000 kWh per månad for hushald og 1 000 kWh for hytter/fritidsbustader. For forbruk over dette betalar du prisen du har avtalt med din kraftleverandør.   

  • Du  kan ikkje få Straumstøtte og Noregspris samtidig.  

  • Du må framleis ha ein straumavtale med din straumleverandør og motta faktura frå straumleverandøren som før. 
     
    Sidan straumprisen er den same heile året betyr dette i praksis at du enten vil få eit frådrag eller eit tillegg på nettleigefakturaen din. I tillegg til å betale Noregspris må du og betale nettleige, avgifter og eventuelt påslag frå din straumleverandør.  
      

  • Når prisen er høgare enn 50 øre, får du kompensert differansen mellom spotpris og Noregspris.  Døme: Er spotprisen 65 øre, betaler du 50 øre.   

  • Når prisen er lågare enn 50 øre, betaler du 50 øre uansett.   
    Døme: Er spotprisen 30 øre, må du likevel betale 50 øre.  

Slik bestiller du  

Du kan bestille Noregspris når som helst i perioden frå 1. oktober 2025 og ut bindingstida til 31. desember 2026. Avtalen gjeld frå datoen du bestiller, med 14 dagar avbestillingsfrist frå bestillingsdato. 

  • Dersom du ikkje har elektronisk ID (BankID, MinID, Buypass og Confides) ta kontakt med Sygnir.  

  • Har du fleire straummålarar registrert på deg, må du bestilla Noregspris for kvar enkelt straummålar.   
     

  

Unngå svindel   

  • Du bør ikkje klikke på lenker i e-postar.    

  • Ingen skal inn i bustaden din i samband med Noregspris.    

  • Du må framleis ha ein straumavtale med en straumleverandør.   

Når bestillingsløysinga for Noregspris er klar, bør du sjølv gå direkte til minside.elhub.no og logga  inn med elektronisk ID (BankID, MinID, Buypass og Confides).  Om du får problem med å bestilla digitalt, kan du kontakte Sygnir.