Legg til rette for det grøne skiftet – med naturomgjevnader i verdsklasse

Montør portrettbilete Gudvangen

Kai André Ohnstad jobbar som Energimontør frå Aurlandsbasen til Sygnir. Ved sidan av å drifta Noregs brattaste nett har Sygnir mykje arbeid med å klargjera nettet for ei framtid i det grøne skiftet.

- Sygnir driftar det brattaste terrenget i heile Noreg. Og her i Aurland kommune er det aller brattast, seier Energimontør Kai André Ohnstad, medan fjella i Gudvangen skyt fram i bakgrunnen.  

Kai André har kanskje ein av dei tøffaste montørjobbane i landet, men for dei som likar å jobba ute i fantastisk natur – også ein av dei flottaste.

- Om ein ser på naturen som finst i Aurland så er det ikkje rart ein kjenner seg heldig i blant. Me har ein natur i verdsklasse, og eg får ha det som arbeidsplass.

Energimontøren er ikkje åleine i sine betraktningar om naturen i Aurland. For den unike kombinasjonen mellom bratte fjell og djupe fjordar er det som har gjort Aurland til eit populært og ynda reisemål for turistar frå heile verda, som kjem med bil, buss og ikkje minst cruise.

Montørbilete med aurlandsfjorden i bakgrunnen

Kai André meiner lite kan måla seg med «kontordagar» ute på ein finvêrsdag: - Aller finast er det kanskje på hausten, seier han.. Han veit kva han snakkar om.

Masseturismen i Aurland, Flåm og Gudvangen er sjølve hovudpulsåra for næring og vekst i kommunen. Men med nye krav retta mot grøn turisme, mellom anna i form av landstraum for cruisetrafikk, lyt kommunen tilpassa seg ein ny kvardag i det grøne skiftet. Her spelar Sygnir ei avgjerande rolle.

 - Me har mykje jobb no inn mot det grøne skiftet der me skal legga til rette for mellom anna ladestasjon til bilar, båtar og tung transport. Dette arbeidet er viktig for framtida i kommunen.

Ny infrastruktur og smarte løysingar

I Gudvangen er ladestasjonar for både bil og båt på plass, og fleire står på vent. Her vert store mengder med elektrisitet allereie nytta til grøn transport, og ein lyt finna smarte logistikkmessige løysingar for å imøtekoma auka etterspørsel i framtida.

 Baseleiar Hans Erik Vikøren står på ein ladestasjon, ein «powerdock», som er bygd til båtar som kjem inn for el-lading.

Ladestasjon i Gudvangen

Lading av båtar og cruise vert ein viktig del av arbeidet med å rigga Aurland for transport basert på fornybar energi, i samband med turisme. Dette arbeidet er allereie godt i gang, mellom anna i Gudvangen.

- Denne er lada opp på førehand. Det krev så enormt med straum når båtane kjem inn at det må til for å få lada opp kjapt nok, seier han.

Smarte løysingar som dette vert viktig ikkje minst når null-utsleppskravet for cruisetrafikk i verdsarvfjordane truleg trer i kraft i 2026.

Dronebilete av Flåm

Endringar i infrastruktur og mykje arbeid må til også i Flåm dei kommande åra, på vegen mot å bli eit nullutsleppssamfunn.

- Me har så vidt sett starten på dette. Når all tungtrafikk skal over til eltransport så veit me ikkje heilt korleis dette vil utarta seg. Det einaste me veit er at turisme i hovudsak vil basera seg på grøn energi i framtida. Me vil bidra til å byggja infrastrukturen som kan imøtekoma framtidige krav, og det tykkjer eg både er spanande og givande.

Fleire ledige stillingar i Sygnir

Med alt som skal skje med tanke på drift, vedlikehald og tilrettelegging av straumnett i Aurland dei kommande åra er det naturlegvis behov for meir arbeidskraft. Sygnir søkjer no energimontørar både til Aurland, Lærdal og Sogndal. I tillegg kan ein søkje på open søknad, året rundt.

- Me har eit godt arbeidsmiljø og samhald som gjer at eg stortrivst. Den som ønskjer å utgjera ein forskjell for framtidas Sogn, med positivt forteikn, er velkommen hjå oss, seier han.

Utsiktsbilete Aurland

Sommar, haust, vinter eller vår. Aurland er vakkert året rundt. Kanskje du har lyst til å bli kollega med Kai André og Sygnirgjengen på Aurlandsbasen?


Forrige
Forrige

Informasjon relatert til byggjeaktivitet i Feios

Neste
Neste

Nettet i Lærdal - rusta for framtida